![](/globalassets/fotoware/2023/5/_dsc1862_15.jpg?width=1000&rmode=crop&format=webp)
Frivillig i Tysnes Turlag
Me har mange stier som skal merkast og gler oss til å ta fatt på arbeidet. Har du lyst å bli med i dugnadsgjengen? Me treng òg fleire folk til å bli med oss i Barnas Turlag Tysnes.
Bli frivillig
Som frivillig blir du ein del at eit sosialt felleskap der du kan bidra som frivillig innan mange forskjellige område. Nokre frivilligområder kan vere å merke stiar, ta folk med ut på tur, holde kurs, bli med i styret eller gje barn og vaksne gode naturopplevingar.
Du treng ingen forkunnskap som frivillig. Du vil få god opplæring og alle utgifter vert dekka.
Har du lyst til å delta i det frivillige fellesskapet? Ta kontakt med oss og send ein e-post til tysnes.turlag@dnt.no. Du kan óg melde deg i frivilligregisteret til Bergen og Hordaland Turlag. Vi får melding om alle som melder seg her.
Registrer deg som frivillig her
Se også
![Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.](/globalassets/fotoware/2024/5/tur-til-olsnessata-152.jpg?width=1000&rmode=crop&format=webp)
![Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.](/globalassets/fotoware/2024/5/sti-mellom-breidablik-og-vending_andre-marton-pedersen-35.jpg?width=1000&rmode=crop&format=webp)