Fjelltreffen

"GEITE- OG REINGJETAR" PÅ LEIT

Mann, 68 år, Agder, 2. august 2020

Eg er på leit,
ikkje etter geit,
rein eller sau,
men etter ei kvinne,
som mi næraste venninne

Eg er drugt seks fot høg
har smaka øl, vin og mjød
Du er lågare enn meg,
Truleg nokon år yngre..
Du er smekker og vakker, du smyg deg lett inntil meg...
Og eg til deg.....

Du kan godt bu i by
Eg bur nær fjell og fly..
Arbeid og fritid i utemd og vakker natur...Så lenge eg minnest..
Gjeng gjenne over bekk, flog og urd...

Blir du med kan du tru
det blir spenning - og kanskje litt gru...
Ikkje alt for mykje penning...
men glede og kjærleik,
skal eg lova om du...

...er den vene jenta eg drøymer om, ja so varmt, nesten heit..
Om det lukkast og du og vil, ja så kanskje med deg vil eg bu........

Røter i bygd, men vaks upp i ein by (bokmål på skulen, og talemålet er østnorsk etter ungdomsår i Oslo, vaksenår nordpå og i Lillehammer)
men til fjells søkjer ly
bak ein stein, gjer upp eld. Når det nærmar seg kveld..
Held deg mjukt når du frys...gjev hinannen eit kyss..

Mine hender er varme, dine føter er gode og håret ditt mjukt..
VI tenner eit lys..

Du stør meg i mørkret
For kneet er slitt..
Blir nok betre med tida...Rett trening gjer sitt.

Mat på bål må me ha,
Dans på enga er bra...
og me leikar som born,
tenkjer haust er blitt sumar
og vetter er vår'n.

Optimismen må råda
i vår sårbare verd...
Vi lyt sjå våre barn og og dei små barnebarn
djupt og ærleg i auga..
Ikkje lyge, sei sanning....
kva vi gjorde med jorda...? Vår forbruksgenerasjon.
Kan vi rette det opp skaden? Snu ei negativ trend?

Eg gjkk Noreg på langs. Og gjort målretta ting, Men og mykje på "tvers"...
Likar dikte eit vers....
Spele munnspel, gitar, røykjer ikkje sigar....eller anna for den slags skuld..

Eg trivs godt meg med sjølv, men lengtar stort etter deg..
Og du etter meg..
Skriv, ring og kan hende møt meg..
til ein kort prøvetur..!.Eg er sjelden sur..

Me lyt sjå kva som skjer.!!!

Svar på annonsen

Merk: Når du sender svaret ditt, vil annonsøren motta en e-post med ditt navn, din e-postadresse og ditt svar. Det er deretter opp til annonsøren å svare deg.

Opplever du annonsen som støtende eller upassende? Gi oss beskjed!

Vi setter pris på at du gir oss beskjed om upassende innhold på Fjelltreffen. Du kan selv velge om du vil oppgi en begrunnelse.