Fjelltreffen

Interessert?

Kvinne, 33 år, Vestland, 18. mai 2020

Eg
.. er 33 år
… kjem frå ei bygd i Hardanger, bur no i Bergen
…vert fasinert av storslått natur
..nyt stillheita framfor bålet
..tek ei utfordring, og prøver stadig å utfordre med sjølv
..badar mykje, spesielt om sommaren, men kan finne på å bade i sjøen i påskeferien og tek gjerne eit morgonbad i eit kaldt fjellvatn
…er tidvis ganske rastlaus
..får ting gjort, det eg gjer i dag slepp eg å gjere i morgon
..er ærleg, og føretrekkjer at dei rundt meg er det
…treng årlege overnattingar ute, sommar som vinter, anten under open himmel, i telt eller hytte
.. har høgare utdanning og er periodevis altfor mange timar på jobb
…tek ikkje meg sjølv spesielt sjølvhøgtidleg
..har lyst å prøve meir av kiting, surfing og andre sprell
..briljerer ikkje på dansegolvet men tek gjerne ein swing
..likar meg svært godt ute, og ynskjer å prioritere det i det daglege
…er strukturert og har nok tendensar til å vere litt ryddekopp
…kunne funne på å reise på telttur ein kvardag, sjølv om ein skal på arbeid dagen etter
..tek gjerne ein kveldstur på akebrett
..set pris på tid med familie og vener
..tykkjer det er kjekt å gå langrenn, og brukar gjerne litt ekstra krefter ein dag
.. er generelt aktiv og glad i alt av trening og fysisk aktivitet
..står ofte tidleg opp, og tek tilsvarande tidleg kveld…slikt skjer når ein er a-menneske
..konkurrerer ein del i diverse idrettsarrangement, men er ingen dårleg tapar
…har ikkje shopping som favoritthobby
..drøymer stadig om å oppleve meir av norske fjell og fjordar
…syklar litt, både landeveg og terreng
..pleier å ha minst ei helg med småviltjakt om hausten
..er omtenksam, omsorgsfull og diplomatisk
…brukar sjeldan lang tid på badet
…likar best heimelaga mat, og tek meg tid til å lage det
..føler meg heime i fjellheimen, og tek av og til med fiskestong
…er pliktoppfyllande, ambisiøs og set meg stadig nye mål
..har tidlegare vore aktiv innanfor uthaldsidrett
..kan gjerne oppsøkje sol og varme, men har ikkje tolmod til å liggje for lenge på ei strand
..får mykje gjort og nokon syns kanskje eg er i overkant effektiv
..er relativt «handy» og ikkje redd for å bli skitten, likar å "klare sjølv" men tek sjølvsagt mot hjelp
…er nok ein liten kakemons
..er interessert i andre land og kulturar og drøymer om å oppleve meir av verda
...er ikkje redd for å gå litt "mot straumen" og prøver stadig å utfordre eit "A4-liv"
..likar å fotografere, men er ingen proff
…ynskjer kanskje å busetje meg i Hardanger når eg vert ”stor”
..er nok ikkje den som pratar mest før eg blir godt kjent med folk
..nyt utsikta når eg kjem til toppen anten eg har gått på beina eller på ski
..kosar meg med vannski, walkeboard og kajakk om sommaren
…har klatre- og dykkerlappen, og håpar å gjere meir av det framover

..ser fram til å bli kjent med deg og finn me tonen blir det kanskje oss to hand i hand på måneskinstur?

Du
..interessert?

Svar på annonsen

Merk: Når du sender svaret ditt, vil annonsøren motta en e-post med ditt navn, din e-postadresse og ditt svar. Det er deretter opp til annonsøren å svare deg.

Opplever du annonsen som støtende eller upassende? Gi oss beskjed!

Vi setter pris på at du gir oss beskjed om upassende innhold på Fjelltreffen. Du kan selv velge om du vil oppgi en begrunnelse.