Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Samarbeidspartnarar

Naturfestivalen handlar om å bidra til at Ørsta/Volda skal vere ein god stad å bu og introdusere fleire for friluftslivet. For at vi skal få til eit spennande program, og kunne halda deltakaravgifta nede ønskjer vi å inkludere ei breidde av lokale samarbeidspartnarar. Kan bedrifta di tenkja seg å vera samarbeidspartnar for å realisera Naturfestivalen?

Published: January 26, 2026
DNT's offer

Samarbeidspartnarar
Vi ønsker alle aktørar og bedrifter velkomne til å vera samarbeidspartnarar til Naturfestivalen. Først og fremst håpar vi Naturfestivalen kan vere ein arena for å la dei tilsette bli tryggare med friluftsliv, men også ei moglegheit for å synleggjera bedrifta lokalt.

Ulike type partnare:

  • Hovudpartnar - bli med å skape Naturfestivalen!
  • Samarbeidspartnar - bidra med det du kan for ein knakkande livleg festival!
  • 7-Fjellspartnar - tilrettelegg slik at ansatte i bedrifta deltar på 7-fjellsturen. Kanskje de vil ha dykka eigen fjelltopp under turen?

 

Næringsliv og andre som vil bidra til å laga ein folkefest
Det er gøy om det også skjer andre ting enn friluftsliv under Naturfestivalen:
 - Butikkar: kan de laga relevante tilbod eller konkurransar?
 - Utestader: kanskje de kan ha temafestar? Eller konsertar?
 - Bedrifter: Kva om dykk bruker desse dagane til friluftsaktivitet? Gå ein tur eller et lunsjen ute i frisk luft ein eller to gonger denne veka? Organiser ein fjelltur før eller etter jobb?
- Institusjonar og andre som tek vare på andre: Bli med på aktivitetar? Ta kontakt og organiser utflukter for deltakarane deira eller kanskje også ilag med andre deltakarar?

Frivillige lag/organisasjonar
Vi håpar å få til eit spennande og variert friluftsprogram for alle på Naturfestivalen. Vi oppfordrar aktørar som brenner for friluftslivet til å være med å på festen gjennom å skapa meir aktivitet. Ta kontakt med oss om dere vil være med på laget!

 

Våre samarbeidspartnere

 

Hovedsponsor: Sparebanken Møre

   
Sparebanken Møre har vore den solide hovudsponsoren vår. Banken viser eventyrleg entusiasme for å skapa engasjement for friluftsliv og buglede i Ørsta/Volda. Det er tydeleg for banken at det å leggja til rette moglegheiter for dei tilsette å vera aktive innan friluftsliv er viktig. Takk for støtta!

 

Turpartner: Tussa Kraft
Tussa Kraft er eit selskap med sterk forankring i regionen, samt ein viktig bidragsytar til Naturfestivalen. Gjennom sitt engasjement støttar dei opp om tiltak som fremmar naturopplevingar, aktivitet og fellesskap i lokalmiljøet. Vi set stor pris på samarbeidet og støtta!

Kontakt oss
Ta gjerne kontakt med oss for idear, spel inn, ønske om å vera med og anna.
Lasse Hoel - lasse.hoel@dnt.no, tlf: 45 88 54 01

Share article:
Share via email

See also

Bli frivillig i DNT Sunnmøre
Bilder fra sommeråpning på Rauhelleren og Solheimstulen på Hardangervidda.
Bli frivillig i DNT Sunnmøre
Bli DNT-medlem
Bli DNT-medlem