DNT Sogn og Fjordane
Regionen med kyst og hav, fjord, skog, fjell og bre ønskjer deg velkommen på tur i vår fantastiske natur.
I vår medlemsforeining er det 14 lokale turlag med høg aktivitet året rundt. Toppturar på ski eller til fots, fjelltur for vaksne, born og unge, surfing, klatring for å nemne noko.
Frå kysten på Kråkenes til innerst i Årdal og Utladalen står 23 DNT-hytter klar til å ta i mot turglade folk som treng ein stad å overnatte. Alle hyttene og fyra er drifta av lokale turlag.
DNT Sogn og Fjordane er støttespelar, arrangerer kurs, samlingar og møter for våre lokale turlag.
Vi er kontaktpunkt mot myndigheiter, samarbeidspartnarar og DNT sentralt.
Aktivitetskalender
-
Utlån av kajakk, kano og turutstyr i Sogn og Fjordane!
Utlån av kajakk, kano og turutstyr i Sogn og Fjordane!
Go to topic
Local branches
Medlemsforeininga DNT Sogn og Fjordane har fleire lokallag. Lokallaga arrangerar mange ulike turar og har sine eigne aktive turgrupper. Besøk deira eiga heimeside for meir info og følg dei gjerne på sosiale medium.
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane
Takka vere pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane skal DNT Sogn og Fjordane satse på friluftsliv i nærområdet og gjere kommunane meir attraktive å bu i. Målet er å utvikle nærturmoglegheitene i kvar kommune.
Les videre