Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Vedtekter for Os Turlag

Vedtektene for Os Turlag vart vedtatt på årsmøtet den 13.2.1991.

Publisert: 30. juni 2024
Om DNT

VEDTEKTER FOR OS TURLAG

  1. Os Turlag er eit lokallag under Bergen Turlag.
    Formålet til laget er å skipa til turar til hygge og nytte for unge og eldre, både i og utanfor Os bygda.
  2. Medlemmar av Os Turlag er alle som er medlem i Den Norske Turistforening, og som har postadresse innan Os herad. Berre slike medlemmar har røysterett på årsmøtet eller andre viktige møte i Os Turlag.
  3. Styret skal bestå av 5 medlemmar og 3 varamedlemmar som vert valde på årsmøtet som skal vera i januar. Årsmøtet skal velja ein av styremedlemmane til skrivar og ein til kasserar.

    Formann vert vald for eit år om gangen. Styremedlemmane for to år, slik at to står for eit år, og to for neste år. Varamedlemmar vert valde kvart år. Det skal og veljast 3 medlemmar for valnemd, og ein til revisor, kvart år. Innkalling til årsmøte skal gjevast med 14 dagars varsel.
  4. Styret skal på årsmøtet leggja fram årsmelding og revidert rekneskap, som skal leggjast fram for Bergen Turlag.
  5. Styret kan gjera vedtak når minst 3 styremedlemmar er til stades.
  6. Endring av vedtekter krevst 2/3 fleirtal av frammøtte.
  7. Oppløysing av laget krevst 3/4 fleirtal av frammøtte.
  8. Ekstra årsmøte kan innkallast av styret, eller om det vert kravd av minst 7 medlemmar.

 

Vedtatt

Vedtatt på årsmøtet den 13.2.1991.

Endringar i pkt. 3 vedtatt 9. februar 1993

Formann vert vald for eit år om gongen.

Vedtatt på årsmøtet 9.2.1993.

Endringar i pkt. 3.  vedtatt 18. januar 2005

Årsmøtet skal velja ein av styremedlemmane til skrivar og ein til kasserar.

Vedtatt på årsmøtet den 18.1.2005.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget