Seks supre vinterkurs

Kiting kan du lære på kurs! Her ved Haukeliseter.
Kiting kan du lære på kurs! Her ved Haukeliseter. Foto: Sindre Thoresen Lonnes

Kite, isklatring, kart- og kompass, skredfarevurdering. Det finst eit kurs for det meste. Her er seks kurs frå DNT.

Med DNT kan du bli turleiar og instruktør. Du kan ta ein introkurs friluftslivlære deg kart og kompass, ta eit GPS-kurs, eller ta eit førstehjelpskurs. Ikkje minst kan du nytte snøen til kva enn du har lyst til å lære deg. 

Her er seks kurs du kan ta i vinter: 

    Lær deg kart og kompass!
    Lær deg kart og kompass!
    Kiting ved Haukeliseter.
    Kiting ved Haukeliseter. Foto: Sindre Thoresen Lonnes

    Drøymer du om å spenne på deg skia eller brettet, sjå ut på nokså flatt landskap, og vite at her skal det bli fart? På kitekurs kan du få akkurat det! Her får du oppleve noko nytt, og kanskje blir det også koselege stunder med dei andre kursdeltakarane? 

    Isklatring, og eit stort smil.
    Isklatring, og eit stort smil. Foto: Ida Amelie Helgesen

    Klatring er moro, og på is er det kanskje endå meir moro! Du hakkar laus på vertikal is, og det går oppover! For å delta bør du ha noko klatreerfaring, og du bør kunne sikre deg med taubrems. Men, om du ikkje har den erfaringa som trengs no, kvifor ikkje ha dette som eit mål? Ha is i magen, og bli med etterkvart!  

      3. Brekurs

      Brevandring er både spanande og ei vakker oppleving.
      Brevandring er både spanande og ei vakker oppleving. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

      Har du alltid drøymt om å gå på ein bre? No kan du lære deg korleis du ferdast på breen på tryggast mogeleg vis. Kurset gir deg kunnskap og opplevingar i høgfjellet! Eit minne for livet!

        Drøymer du om å gå dei store toppane? Ta eit kurs først.
        Drøymer du om å gå dei store toppane? Ta eit kurs først. Foto: Hallvard Bache

        Det er godt fjellvett å ta omsyn til vær- og skredvarsel. Det er også godt fjellvett å kjenne att skredfarlig terreng og usikker is. Melder du deg på eit kurs, så får du kunnskapen på plass.

        5. Telemarkkurs/skikurs/snowboardkurs

        Ta eit kurs, få sving på sakene.
        Ta eit kurs, få sving på sakene. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

        Er du heilt ny på ski, telemark, eller snowboard? Kanskje ynskjer du at ungane dine får ei skikkeleg innføring før du sjølv tar dei med på tur? DNT tilbyr kurs i både langrenn, alpint, telemark og snøbrett. I tillegg blir ungane dine kanskje kjende med nokon på kurset som dei kan stå saman med. Eit kurs, så kan moroa byrje! 

        6. Padlekurs​​​​​​​

        Ta eit padlekurs, og plutseleg har du dilla på ein ny hobby.
        Ta eit padlekurs, og plutseleg har du dilla på ein ny hobby. Foto: Olav Haugen

        Sjølv om det er kaldt ute, så kan eit kurs i kajakk vere midt i blinken. I mars og april er det fleire kurs å ta av, om det er kano, havpadling eller teknikkurs du er mest interessert i. Dette kan bli starten på ein ny, frisk hobby.  

        Skrevet av Kari Nygard Tvilde 25. februar 2017