Endeleg skikkeleg guttetur

TÅKEHAV: På ein kvass rygg mot toppen av Midtre Høgvagletindane (2137 moh.) pakkar vind og tåke oss såpass godt inn at vi endrar plan og set kursen rett mot Leirvassbu i staden for toppen.
TÅKEHAV: På ein kvass rygg mot toppen av Midtre Høgvagletindane (2137 moh.) pakkar vind og tåke oss såpass godt inn at vi endrar plan og set kursen rett mot Leirvassbu i staden for toppen.

Før var eit vêrvindauge og ein kamerat alt ein trong for å stikke til fjells. Med barn i huset har turlivet endra seg. No går turen til Jotunheimen etter månader med planlegging.

TEKST OG FOTO: HALLGRIM ROGN. FJELL OG VIDDE 1/2017

Fabian kjem til Noreg og vil til Jotunheimen, var beskjeden frå sjefsturorganisator Rune ein kveld i desember. Greitt tenkte eg. Og rekna med å måtte melde pass. I august vart eg nemleg pappa for fyrste gong.

Kanskje eg kunne seie at eg skulle på arbeid eller noko. Ein vil jo i det lengste unngå «tøffel»-stempelet i kameratgjengen.

Litt feigt, når det er ein ærleg sak at ein helst er med dottera. Er det til dømes greitt å stikke på guttetur i fjellet ei snau veke? Det vart vanskeleg å finne argumenta som forsvara akkurat det, så eg nøgde meg med nokre dagsturar på jakt den hausten. Og nokre kveldsturar på ski når snøen kom.

TIDSVINDAUGE

– Ikkje akkurat det eg hadde teke turen frå Sveits for, seier Fabian idet vi forlét beltebilen ved Eidsbugarden og byrjar på femdagarsturen i Jotunheimen veka etter påske.

Vinden tvinga oss inn i hetta, skydekket er lågt og det snør godt. Han kunne hatt betre vêr, tryggare føre og høgare fjell heime i Sveits, men slenger kommentaren med eit glis. Vi har nemlig fått det til. Kome oss på tur.

Fem kameratar med meir enn nok å gjera kvar for seg har prioritert hardt for å få til akkurat dette. Alle bruker dyrebar ferie på kameratar i staden for kjærast og har løyst det på ulike sett, noko vi også diskuterer mykje den fyrste timen på tur.

For min del datt alt på plass då svigerfamilien i Nord-Sverige gjorde det klart at dei gjerne hadde besøk av dottera vår, Ingebjørg, ei ekstra veke etter påske. Då vart lanseringa av turplanen ein leik. – Du Emma, er det greit eg stikk til fjells med Fabian og gjengen medan du og Ingebjørg er i Sverige? Tre sekunders stillhet. – Ja, men naturligtvis. Det tror jag du behöver. Vi vart einige på eit minutt i staden for å gå inn i langvarig skyttergravskrig. Turliv og timing går hand i hand.

Artikkelen held fram under biletet. 

KOLLEKTIVTRANSPORT: Dei klassiske beltebilane som trafikkerer strekninga Tyin-Eidsbugarden gjev oss ein mjuk start.
KOLLEKTIVTRANSPORT: Dei klassiske beltebilane som trafikkerer strekninga Tyin-Eidsbugarden gjev oss ein mjuk start.

NY VRI, KLASSISK RUTE

Det har vorte ein trend dei siste åra å gå høgt i fjellet på vinterstid. Nordmenn reiser i flokk ned til Alpane for å gå «Haute route» kvar vinter, mens «Høgruta i Jotunheimen» allereie er ein klassikar. «Kvifor ikkje finne ei høgrute i vår del av Jotunheimen»!?

Ideen kom opp eit par månader etter at datoen for turen var spikra og slo raskt rot. Ruta i seg sjølv er klassisk nok, mellom hyttene Eidsbugarden, Olavsbu, Leirvassbu og Skogadalsbøen.

Men kvista løyper i botnen av dalen vart bytta ut med høge tindar og bratt skikøyring under planlegginga til Mjølkedalstinden (2137 moh.), Midtre Høgvagletindane (2066 moh.), Søre Smørstabbtindan (2033 moh.) og Uranostinden (2157 moh.).

Eit flott fjell kvar dag og fleire tusen høgdemeter skikøyring til saman. Stas! Noko å skrive heim om, og noko eg eigentleg hadde slått frå meg som realistisk å få til dei neste åra.

SAME GAMLE PRATEN

Ein av fordelane med dårleg toppturvêr er at praten går lettare når ein slepp alle desse motbakkane. Snart er eldgamal spøk henta fram frå ryggsekken og pakka inn på nye vis.

– Kva skulle du og dama i neste veke eigentleg?

– Eg har ikkje dame.

Ein av gutane har nesten dame, men ikkje heilt. Eit perfekt oppspark for repeterande turhumor. Ti poeng til den som fyrst får han til å gløyme seg bort og omtale flammen som kjærasten.

Også dei delane av dagen praten går uten at nokon er på humorsporet, pensar ein fort inn på gamle tema. Litt utstyr, litt skisesongen og mykje livet. Altså ein del prat om damer.

Noko som betyr at dei single personane sine eventyr får noko meir fokus enn småbarnspappaen store deler av turen. Mengden nye hendingar er trass alt noko ulikt fordelt, så det er heilt greitt.

Artikkelen held fram under biletet. 

BARE BLID: Sjølv om sugeføre i fjellbjørkeskogen mot Skogadalsbøen tappar oss for siste rest av krefter, er humøret helit på topp.
BARE BLID: Sjølv om sugeføre i fjellbjørkeskogen mot Skogadalsbøen tappar oss for siste rest av krefter, er humøret helit på topp.

LÆRDOM MOT LEIRVASSBU

Det er ikkje anna enn å akseptere vêrskjebnen fyrste dagen. Vi labbar oss fram til Olavsbu langs kvist og gjer berre eit halvhjarta forsøk mot Mjølkedalstinden mellom vindkasta.

På ruta mot Leirvassbu neste dag vert vi overraska av sol i matpausa og bestemmer oss for å gjennomføre Midtre Høgvagletindane (2137 moh.).

Snart er vi i ein situasjon der vi ikkje kan snu, ikkje tør gå mot toppen og ikkje ser meir enn fem meter framfor oss over breen vi lyt krysse for å komme oss ned att den «slake» sida av fjellet.

Draumen om høge toppar og bratt skikøyring i Jotunheimen er bytt ut med nervøs skrensing i sniglefart og akkurat då tenkjer eg at ei roleg ferieveke med Ingebjørg i Nord-Sverige kanskje ikkje hadde vore så dumt.

– Eg tek ei økt fremst. Det er trass alt ikkje så farleg om eg bryt av eit bein eller to, hunden kan lufte seg sjølv, seier Åsmund. Vi andre ler nervøst og slepper han fremst i gruppa, halvt singel som han er.

Ikkje det at vi trur han kjem til å bryte av eit bein. Men ingen av oss er særleg interessert i å køyre i front. Sjølv om GPS syner trygt terreng akkurat her, er vi trass alt 2000 meter over havet i eit område vi aldri har vore før. Lang matpause og kvist til Leirvassbu hadde vore å føretrekke.

– Framleis ikkje akkurat det eg tok turen frå Sveits for å oppleve, men like fullt ein dag eg ikkje gløymer med det aller fyrste, slår Fabian fast idet vi alle sig ned i kvar sin stol med kvar sin øl i peisestova på Leirvassbu.

Artikkelen held fram under biletet. 

MATPAUSE: Vi meinte lunsj bak ein stor stein var ein strålande plan i drittvéret, men Rune erfarer snart at vi eigentleg har sett oss i ein vindtunnel.
MATPAUSE: Vi meinte lunsj bak ein stor stein var ein strålande plan i drittvéret, men Rune erfarer snart at vi eigentleg har sett oss i ein vindtunnel.

KORTSPEL OG PRAT

Det vart mykje labbing i nysnø langs kvista ruter på oss dei siste to dagane til Skogadalsbøen og Eidsbugarden. Fint nok det. Jotunheimen er Jotunheimen. Kameratar er kameratar. Nokre slake og trygge nedkøyringar vart det også. Og kveldar med kortspel, prat, fyr i omnen og med den gode kjensla som set seg i kroppen etter ein lang dag ute.

– Eg trur ambisjonsnivået lyt vera tur, ferdig med det. Plutseleg klaffar det med vêr og føre, men strengt tatt er det underordna det å faktisk få til turen, seier Eivind godt ut i siste etappe.

Vi andre er einige. Sjølvsagt. Og så tek Rune ordet og oppsummerer det heile greitt for oss idet vi får Eidsbugarden framfor skituppane.

– Vi skal jo ture i desse fjella resten av livet, det er ikkje slik at dei vert borte til neste vinter. Brått er vi pensjonistar alle mann og kan gå på tur når sola er varm og snøen trygg.​​​​​​​

Heldigvis har han heilt rett. Det er ingen hast. Korkje for den kameratslige eller familiære turinga. Kjærleiken til naturen er rett og slett for sterk til at noko anna enn siger på alle frontar er einaste moglege løysing i kampen for turlivet.

SNØBAD: Eit folketomt Jotunheimen med mykje nysnø gjev høve for andre aktivitetar.
SNØBAD: Eit folketomt Jotunheimen med mykje nysnø gjev høve for andre aktivitetar.
MJØLKEDALSTINDEN: Vi kjem oss ikkje særleg nærme toppen, men får gode laussnøsvingar ned att mot Olavsbu.
MJØLKEDALSTINDEN: Vi kjem oss ikkje særleg nærme toppen, men får gode laussnøsvingar ned att mot Olavsbu.

TIPS TIL EIT LANGT TURLIV MED KOMPISANE

❱❱ Gjer turkonseptet om til ein tradisjon. Tradisjonar er alltid enklare å prioritere.

❱❱ Start planlegginga tidleg. Mykje skal klaffe for at mange kan ta seg fri på likt.

❱❱ Ei lita gruppe på Facebook er ein enkel måte å diskutere turplanar på. Ev. ein e-post-tråd.

❱❱ Legg fram turplanar for familien på rett tidspunkt.

❱❱ Pass på at helger eller veker med «fri» vert jamnt fordelt i forholdet.

❱❱ Som foreldre er familiefriluftslivet aller viktigast. Gløym ikkje det.

Annonse

Skrevet av Elizabeth Schei 17. mars 2017