Rallarvegen i kajakk

Framfor oss venter 18 km padling, sju km bæring og 11 km trilling på Rallarvegen. Vi har med telt, soveposar og stormkjøkken, men målet er 36 km med ukjent høgfjell i eitt rykk.

Tekst og foto: Laila Johanne Reigstad. Fjell og Vidde 4/2016

MOT STRAUMEN I USTEKVEIKJA

Optimismen er på topp der vi startar på Finsevatnet like nedanfor hotellet. I enden av vatnet starter Ustekveikja, ei elv med to fossar og fleire småvatn. Elva renn imot oss, så vi får teste både styrke og psyke når vi prøver oss opp korte elvestryk! Ved to anledningar må vi bæra kajakken oppover tett innpå fossar. – Det er sleipt, men heilt vanvitig artig å stå her, roper Astrid der ho går fremst, like ved kanten av fossen.

Kvitt vatn drønner forbi oss og støynivået er høgt. Vi smiler breitt til kvarandre der vi står nesten inni ein foss med kajakken mellom oss og sekkane på ryggen. – Dette er mykje råare enn eg hadde førestilt meg!

Vi har regn og vind på turen, men med tørrdrakter og vest merker vi lite. Elva ender i  Ustekveikvatnet, og endelig får vi ein lengre padleetappe! Men så, ved enden av vatnet startar den lengste bæreetappen. Det er snakk om 600 meter oppover for å nå Fagervatnet, vårt høgaste punkt. – Har du sett den lange og kuperte bakken? Sa du 88 høgdemeter? Vi må innføre tellerutine, seier Astrid der ho bærer fremst.

Vi teller 100 steg før vi set ned kajakken og bytter plass. Så er det min tur til å gå 100 steg. Til sist når vi breidda av Fagervatnet, andpusten og varm. – No skal vi padle og skravle i heile fire kilometer, utbryt eg i det sola kjem fram.

Det er rein glede å padle på det blanke vatnet etter all baskinga opp elvefaret. Ved enden av Tågavatni er 11 av 36 km gjennomført og naturen deler ut premie i form av padling gjennom ein jungel av isflak frå snøskavlane langs vatnet.

KREDITT FOR KAJAKK

Frå Tågavatni ser vi Rallarvegen for første gang. Litt glede er det faktisk, for det betyr at no slepp vi å bære kajakk og utstyr mellom vatna. I det vi et tortillalefse med serranoskinke, dukkar det opp ein kritkvit røyskatt. Den spring nysgjerrig rundt beina våre før den vert skremt av to syklande turistar frå Singapore. Dei derimot, vert veldig glade over å møta folk ettersom dei føler dei er i ingenmannsland! Det er ingen vatn eller elver i nærleiken, så dei neste tre km drar vi kajakken på tralle langs Rallarvegen.
– Dette er pur lykke, Laila, vi triller.

Nokre stader er det så mange lause steinar i vegen at tralla losnar frå kajakken, og vi må atter bære. Barnslig lykke oppstår då vegen er dekka av ei snøfonn, og vi kan skli fnisande nedover. I dei seige brekkene opp mot Hallingskeid stasjon regnar det uavbrote.
– La oss prøve ut om hyppige sjokoladestopp hjelper, sier Astrid.

Ho har vondt i ryggen og eg har såre føter etter 20 km i neoprensko. Ved Nedre Grøndalsvatnet mumsar vi saftige blåbær. Terrenget er i stor kontrast til områda tidlegare på dagen. Ut av ingenting passerar det eit godstog i lia til høgre for oss. Lyden av toget har ein tankevekkande effekt: – Skal vi pese på mot kl. 20-toget frå Myrdal?

Annonse

"Dette er pur lykke, Laila, vi triller." Astrid
Klikk her for å skrive tekst.

JOGGETUR MED SEKK OG KAJAKK

– Dette må vere Klevavatnet, og status er 9 timar etter start! Vi kiker på GPS-en samen og er storfornøgd med at den viser overraskande godt samsvar med den planlagde ruta vi har teikna inn på kartet. Vi er slitne, men humøret og samarbeidet er i toppklasse.

Vi får medvind over vatnet og energinivået aukar kraftig når vi padlar langsmed flammeraude rypebær og oransje dvergbjørk! Framfor oss ser vi den flotte Klevabrua som med si imponerande steinkvelving markerar starten på Klevagjelet. 
​​​​​​​
– Vi tar den sandstranda der, seier Astrid og peiker mot land i god tid før vi kjem ut i dragsuget mot den buldrande fossen. Kajakken kjem opp på tralla, og med den fantastiske utsikta nedover dalen, brukar vi eit brøkdel av eit sekund på å bestemme oss. Vi skal nå toget frå Myrdal i kveld.

– Eg orkar ikkje dei 100 høgdemetrane opp til Myrdal Stasjon med eit sånn tidspress.

– Nei da, vi tar Flåmsbana frå Reinunga stasjon og opp til Myrdal, høyrer eg Astrid pese ut, der ho allereie er i full driv nedover med kajakken på slep på tralla etter seg.

– Kom igjen, no har me berre att Seltuft- og Reinungavatnet. Og det er her det plutseleg er heilt naturleg å småjogge med kajakken på tralla dei to km nedover mot Seltuftvatnet. I det vi padlar i enden av det idylliske Seltuftvatnet er vi parallelt med Rallarvegen.

Det går ein lokalkjent mann på vegen, som fortel at det tar 25 minutt å gå til Reinunga stasjon herifrå. Vi monterer kajakken på tralla og den absurde kajakk-jogginga startar igjen. Når vi det?

FØRSTE KAJAKK PÅ FLÅMSBANA

Ut av Flåmsbana hoppar ein smilande konduktør. Han kik på kajakken.– Det er første gong vi har kajakk på Flåmsbana, roper han begeistra.

To minutt etter i står vi trøtte, våte og ekstremt glade i enden av vogna omgitt av klissvått utstyr og japanske turistar. Til latter og fjas, og ein stor dose adrenalin, begynner det å sige inn. Den 10-timar lange kajakkturen i høgfjellet vart som ein ekspedisjon på grunn av den ukjente traseen, at vi hadde med utstyr for alle eventualitetar, og at terrenget var så variert. Du treng ikkje ta denne turen på 10-timar, men kajakk i høgfjellet anbefaler vi på det sterkaste.

6 tips til deg som vil padle Rallarvegen: 

❱❱ Kajakken må vere lett. Du må bære mellom vatn, forbi stryk, opp to fossar og passere bratte parti.

❱❱ Smart med tørrdrakt eller våtdrakt fordi ein risikerar både snø, regn, skodde og vind.

❱❱ Unngå adrenalin-rushet og bruk 1–2 netter i telt på turen. 

❱❱ Dekket på Rallarvegen er svært ujamnt ned Klevagjelet. Ta med ei solid kajakktralle og gode stroppar.

❱❱ Mange av vatna munner ut i store fossar. Følg med på kartet og hold god avstand til desse.

❱❱ Forbered deg på lange armar og stor sjokoladehunger.

Skrevet av Elizabeth Schei 16. juli 2016