Eit fjell i gåve

SOM PERLER PÅ EI SNOR: Heile familien legg i veg på tur til Snønipa i april.
SOM PERLER PÅ EI SNOR: Heile familien legg i veg på tur til Snønipa i april. Foto: Ståle Johan Aklestad

Mor rundar 60 år og er svært lite oppteken av ting. Men ho har ein gammal draum om eit fjell i Jølster. Kva er vel betre gåve enn ein familietur til Snønipa?

TEKST OG FOTO: Ståle Johan Aklestad. Fjell og Vidde nr. 2 2019

Mor har sett på dette fjellet sidan ho var lita. Frå Rosetstøylen i Nordfjord stikk det opp som eit skjær i synsranda, langt inne på den ubrotne snøflata til Myklebustbreen. Ein blå skugge langt der inne, eit Soria Moria for draumane. Men ein bondefamilie hadde anna å ta seg til enn å renne til fjells, i alle fall eit fjell som innebar å ikkje rekke heim til fjøstid. 

DRAUMEN

Heim til fjøstid, heim til slåtten eller heim for å ta inn høy. Vi søskena var godt kjende med alle variantane. For vi vaks heller ikkje først og fremst opp i ein turfamilie, men ein bondefamilie. Sjølv om det vart mange fjellturar, kanskje i overkant mange for nokre av oss, og små campinghytter og pølser på primus i steinurder langs vegen. Men far og mor peika alltid på Snønipa frå støylen i Nordfjord, og den blå skuggen inne på breen vart ein del også av vår barndom.

Så det året mor feira 60, fann vi ut at tida var inne. Kva kunne vere betre gåve enn å gje henne ein skitur til Snønipa, dette fjellet ho alltid hadde drøymt om?  

Stardalen i Jølster er vakker. Det kan vere lett å køyre forbi ettersom inngangen er så smal, men har du først svinga inn, opnar dalen seg som eit mellomeuropeisk dalføre – flatt jordbruksland omkransa av høge fjell og brearmar. Og her er det altså turen vår startar ei helg i april: tre søsken, mor og far, to søskenbarn og ein onkel.

Les også: Bli med DNT på vårskitur

Artikkelen fortsett under biletet.

DRAUMEN: Turen frå Haugastølen går gjennom eit mektig brelandskap. Og midt i ligger Snønipa – den høgaste toppen i Jølster.
DRAUMEN: Turen frå Haugastølen går gjennom eit mektig brelandskap. Og midt i ligger Snønipa – den høgaste toppen i Jølster. Foto: Line Hårklau

Neste morgon hjelper det ikkje at Stardalen er vakker, det snør tett og vi ser ikkje fjella. Men vi er ikkje komne hit for å spasere på tunet. Her hjelper nok gardsoppveksten: Skal ein hesje, så skal ein hesje. Og skal ein på fjelltur, så skal ein på fjelltur. Dessutan fell snøen stille og mjukt, så vi anar at det kjem til å lette.

Alle stiller i det dei har tilgjengeleg av skiutstyr: onkel med smale fjellski og ein slags langrennssko, søskenbarn Anne Marie med tunge randonneeski med rammebinding og slalåmsko utan gåfunksjon. Og mellom dei to, heile spekteret frå lett til tungt, frå lær til plast og frå bambus til teleskop.

BIT TENNENE SAMAN

Første del av turen går på nedsnødd veg opp til Haugastøylen, det er berre å følgje sporet etter klabbane til onkel. Men snart byrjar landskapet å bli større. Vi ser breen og brefallet i det fjerne, og over oss anar vi store, kvite fjellsider.

Idet vi bevegar oss inn på breen og er ferdige med den første oppstigninga, er det heilt tett rundt oss. Vi anar så vidt sola som ein lysare flekk ein stad der oppe, men det har byrja snø, og vi samlar oss for å vurdere om vi skal halde fram.

Først veker etterpå forstår eg at Anne Marie sit på huk i sirkelen fordi ho har så store gnagsår i slalåmskoa at ho ikkje greier å stå. Ho seier sjølvsagt ikkje eit pip. Anne Marie er yngst av fem søsken og har hatt mykje å bevise opp gjennom åra. Dessutan er ho av Roset-slekt. Då bit ein tennene saman.  

Artikkelen fortsett under biletet.

WHITE OUT: Første del av turen var prega av tett snøvêr, men det stoppa ikkje gjengen.
WHITE OUT: Første del av turen var prega av tett snøvêr, men det stoppa ikkje gjengen. Foto: Ståle Johan Aklestad

Som ei lang åme buktar vi oss framover i snøvêret. Vi har bestemt oss for å halde fram, det er lett å fylgje spora heim dersom vi må snu. Vi er trass alt gjennom sjølve brefallet og kartet viser berre slak bre framfor oss. Men det er mykje slak bre. Spesielt når ein går i blinde. Det verkar ikkje som vi flyttar oss i det heile i forhold til fjellveggane rundt oss. 

SOM VED EIT TRYLLESLAG

«Blå himmel!» Bror min går fremst og trakkar spor, og plutseleg endrar alt seg. Som ved eit trylleslag lettar snøvêret, eit enormt kvitt og heilt urørt brelandskap glitrar i sola, og midt imot: Snønipa. Som kjølen på eit velta skip som stikk opp av breen framfor oss.

Vi får ny vind i segla. Det verkar så nært. Men igjen vert vi lurte av brelandskapet. Likevel, no er det ikkje snakk om å snu. Onkel luktar fjell, han er kvitt klabbane under skia og har slått over i dobbeldans, det er berre å følgje på. Det er berre den siste, lange bakken att til toppen.

Les også: Seks flotte vårskiturer

Artikkelen fortsett under biletet.

FEIRING PÅ 1827 MOH. Marsipankake er sjølvsagt når ein fyller 60 og sit på toppen av eit fjell ein har drøymt om sidan barndommen.
FEIRING PÅ 1827 MOH. Marsipankake er sjølvsagt når ein fyller 60 og sit på toppen av eit fjell ein har drøymt om sidan barndommen. Foto: Ståle Johan Aklestad

STORSTILT FEIRING

Nokre gongar kan det ha sine fordelar å ikkje vere opplærte til å snakke om korleis ein har det. Men alle motbakkar har ein ende, og til slutt står vi der faktisk. På toppen av Snønipa, det høgste fjellet i Jølster, 1827 meter over havet. Med heile fjellverda frå Sogn til Sunnmøre rundt oss, og utan eit menneske i sikte nokon stad. Og opp frå sekken dreg veslesyster ei stor marsipankake til ære for jubilanten: kortreist og lokal frå Bakar-Jon på Byrkjelo. Mor lyser som ei sol.

Nokre gongar vil ein ikkje heim. Dette er ein slik dag. Det er nesten for fint her oppe. Likevel, vi forstår at vi må ta fatt på heimvegen. Dessutan er det skiterreng i verdsklasse rundt oss på alle kantar.

Vi i den yngre generasjonen tek direktevegen frå toppen i ny og urørt snø. Men dei gamle, som fylgjer oppoverspora, trekkjer likevel det lengste strået, og står og ventar på oss idet vi kjem ned bakken vår. Det er godt onkel er utstyrt med smale ski, viss ikkje hadde han nok allereie vore nede i bygda.

Vidare ber det ned gjennom brefallet, her gjeld det å kome seg gjennom labyrinten og unngå bresprekkene ved hjelp av sving- og bremseteknikkar frå både nyare og eldre lærebøker. Og nokre frå ei eller anna tidleg utgåve som berre mor mi har lese. 

Artikkelen fortsett under biletet.

SNØNIPA: Som kjølen på eit velta vikingskip stikk toppen opp frå breen. Bror og onkel trakkar spor.
SNØNIPA: Som kjølen på eit velta vikingskip stikk toppen opp frå breen. Bror og onkel trakkar spor. Foto: Ståle Johan Aklestad

DET STORE KVITE

Så slår dirigenten inn strykarane. For resten av turen er ein komposisjon av Edvard Grieg. Lyset skiftar heile tida, fjella rundt oss er drivkvite og plastra med snø, og dels løynde av skyer som stadig flytter seg og opnar nye, kvite rom som vi glir gjennom.

Heilt ned til aprilvåren nede i dalen glir vi. Det er ei aning grønt på markane, og ei aning vår i lufta. Men vi har vore oppe i det store kvite. Og vi vil nok vere att der oppe i dagane som kjem. Blant glitrande, urørte snøflater og nedsnødde brefall. Og ein fjelltopp frå barndommens rike.

HERLEG: Mor i godt driv etter å ha passert brefallet.
HERLEG: Mor i godt driv etter å ha passert brefallet. Foto: Ståle Johan Aklestad

HER GJEKK TUREN:

RUTE: Stardalen–Haugastøylen–Snønipa–Haugastøylen–Stardalen
LENGDE: 22 km (dagstur)
KART: Norge-serien nr. 63 Jostedalsbreen 1: 50 000
VERD Å VITE: Litt seinare på året kan ein spare nokre km ved å køyre heilt inn til Haugastøylen. Brefallet opp Haugabreen vert ved normale tilhøve rekna som trygt frå midtvinters og fram til mai langs den midtre ryggen, men vurder behovet for breutstyr.

Annonse

Skrevet av Elizabeth Schei 29. april 2019