Skog på fjelltur

MISTER UTSIKT: Frå støylshuset på Støfringstøylen troner grantrea Alf Støfring var med på å plante for lenge sidan. No sperrer dei utsikta til bygda.
MISTER UTSIKT: Frå støylshuset på Støfringstøylen troner grantrea Alf Støfring var med på å plante for lenge sidan. No sperrer dei utsikta til bygda. Foto: Line Hårklau

Skogen kryp oppover fjellet. Gjengroinga forsterker klimaendringane og truger viktig artsmangfald, varslar forskarar.

TEKST OG FOTO: LINE HÅRKLAU. FJELL OG VIDDE NR. 5 2018

I fjellsidene som omkransar det store Jølstravatnet i Jølster kommune, ligg støylshusa spredt. Men det byrjar å bli lenge sidan budeiene gjekk ned dei bratte bakkane med tunge mjølkespann. Gardsdrifta har endra seg i takt med samfunnet. Det same har landskapet.

– Då eg var gutunge og vi skulle på støylen for å hente kyrne, gjekk eg opp i bakkane her ute. Og då kunne du sjå heile fjellet opp, fortel Alf Støfring.

Han peikar oppover mot furutrea ovanfor Støfringstøylen eit lite stykke vest for Jølstravatnet. Dei har rukke å vekse seg store sidan den gongen Alf stod her og lokka på dyra, for over 60 år sidan.

– Vi ser det i himmelsynet heimefrå at skogen kryp opp og etablerer seg, også der det er skikkeleg vêrhardt. Skogen kler fjellet.

Snur du deg og ser nedover mot bygda, møter du også ein vegg av tre. Ein stad mellom greinene får du kanskje auge på husa nede i dalbotnen, men akkurat i dag er den fuktige tåka med på å sperre for utsikta.

– Naturen har jo alltid vore i endring, men det er noko med at ein mister utsikta, at vi ikkje lenger kan stå på støylen og sjå ned på bygda.

YNSKJER FLEIRE AKTIVE SETRE

Dei to siste somrane har forskarar ved Naturhistorisk museum vore på kartleggingsturar i fjellet og oppdaga at den høgaste skoggrensa ligg heile 131 meter høgare enn for hundre år sidan. I tillegg gror gamle beitemarker igjen.

Ei av årsakene til utviklinga er ein kraftig reduksjon i talet på aktive setre. Ved inngangen til 1900-talet var det 100 000 setre i bruk, i 2016 var talet 900. Endringar i landbrukspolitikk, teknologisk utvikling og større gardsbruk med høgare produksjonskrav, har gjort at utmarka vert brukt mindre. Ei naturleg utvikling på mange måtar, men likevel ikkje fri for konsekvensar.

– Seterlandskapet i Noreg, kor vegetasjonen opp mot fjellet gjennom 3500 år har blitt slått, beita og hogd, er særdeles viktig for artsmangfaldet. Om lag 28 prosent av dei raudlista artane i Norge held til i desse seminaturlege miljøa. Gjengroinga trugar dette artsmangfaldet, fortel biolog Anders Bryn ved Naturhistorisk museum.

– Betyr dette at ein bør få opp seterdrifta igjen?

 – Ja. Noreg er eit land dominert av utmark, med berre tre prosent dyrka mark. Med sterk befolkningsvekst og aukande klimaendringar bør vi styrke eigen matproduksjon, og basere meir av den på eigne ressursar. I dag blir under halvparten av fôrressursane i utmark utnytta, samtidig som mykje av produksjonen er basert på importert kraftfôr. Husdyra kan nytte ressursar i utmark som elles ikkje er tilgjengeleg for matproduksjon. Seterlandskapet bør derfor revitaliserast i matproduksjonen.

Les også: Svermer for insektene

Med sterk befolkningsvekst og aukande klimaendringar bør vi styrke eigen matproduksjon, og basere meir av den på eigne ressursar. Anders Bryn, biolog Naturhistorisk museum
ENDRA: I området kring Støfringstøylen pleidde Alf å lokke på dyra. Då han var gutunge var heile fjellsida oppover fri for skog.
ENDRA: I området kring Støfringstøylen pleidde Alf å lokke på dyra. Då han var gutunge var heile fjellsida oppover fri for skog. Foto: Line Hårklau

BERGSTADEN I SKOGEN

Røros har lenge vore kjent som byen på fjellet, med sine kopargruver og vidsynte vidder. Dette landskapet oppstod då det blei oppdaga koparmalm i 1644, og eit voldsamt apparat blei satt i sving for å hogge skog og brenne kol til smelteverket. Sjølv om det nakne landskapet blei skapt av grove inngrep i naturen, blei det halde i hevd i over 300 år.

– Beitedyr heldt skogen nede gjennom generasjonar, fortel Randi Borgos ved Rørosmuseet. – No er vi inne i ei ny tid kor både smelteverk og gardsbruk har blitt lagt ned.

Randi har teke oss med til traktene kor ho pleide å ferdast i barndomen. Med seg har ho barnebarnet Ola på sju år. Det som før var ein sti i ope landskap har no blitt til ein bjørkeallé. Sjølv hugsar Randi to einslege furutre. Dei stod ved foten av Skåkåsfjellet, om lag på same stad som ho står no. Men no er det tre på alle kantar, også langt oppover fjellet kor ho som barn kunne stå og skue utover.

– Det har skjedd så store endringar at noko av identiteten er forandra. Røros er ikkje lenger byen på fjellet, vi er snart byen i ein bjørkeskog.

Men det er ikkje berre tilveksten av skog som fangar merksemda til Randi denne dagen. Det er usedvanleg tørt, vatnet i elva sildrar knapt og fleire av dei få kyrne som framleis beitar her, er tatt inn i fjøset på grunn av varmen.

– Denne tørka er ikkje godt for noko, sukkar Randi, medan Ola plukkar opp ein død blåvinge frå bakken.

Røros er ikkje lenger byen på fjellet, vi er snart byen i ein bjørkeskog. Randi Borgos, Rørosmuseet

EIT SYMPTOM PÅ NOKO STØRRE

Den varme dagen på Røros var berre starten på ein rekordtørr sommar i Sør-Noreg, med skogbrannar og stor mangel på vatn og dyrefôr. Klimaforskarar verda over meiner dette er eit alvorleg symptom på menneskeskapte klimaendringar. Dei same endringane er truleg også med på å flytte skogen oppover fjellet.

 – Sommartemperaturen set grenser for kor høgt skogen veks. Når denne stig, vil skogen følge etter. Mange av fjellviddene i Noreg ligg berre få titalls meter over dagens skoggrense, og ei forholdsvis liten temperaturheving kan derfor føre til at store areal blir endra, seier forskar Anders Bryn.

– Kan ikkje den nye skogen hjelpe med å lagre CO2?

 – Jo, det kan den. Men skogen absorberar meir varme samanlikna med snødekte vidder og kortvaksen fjellvegetasjon. Ny skog i fjellet forsterkar derfor klimaendringane og gjev endå høgare temperaturar og endå meir skog. Vi ser at effekten av karbonbinding er mindre enn effekten av redusert tilbakestråling av varme.

Les også: Vintertelting i urskog

Då Randi Borgos vaks opp fanst det knapt tre på Rørosvidda. Barnebarnet Ola veks opp i eit anna landskap.
Då Randi Borgos vaks opp fanst det knapt tre på Rørosvidda. Barnebarnet Ola veks opp i eit anna landskap. Foto: Line Hårklau
Det er leit å tenke på at det er vi som pressar artane over kanten av stupet. Trude Myhre, skogsbiolog WWF

ARTAR I FARE

 Skogsbiolog Trude Myhre i WWF søker til skogen for å finne ro og fred etter travle arbeidsdagar. Med stor kjærleik for alt som lev og gror her, er også ho uroa for klimaendringane og korleis artane som trivast i fjellet kan gå ei dyster framtid i møte.

– Dei artane som allereie oppheld seg i eit visst høgdebelte må tilpasse seg ei ny verkelegheit, anten ved å forflytte seg, konkurrere på nye vilkår med nye naboar, eller døy ut. For artar som i utgangspunktet lev i dei meir høgareliggande fjellområda, som fjellrev, villrein, høgfjellsklokke og norsk malurt, vil dette kunne bli eit problem. Her vil dei jo bokstaveleg talt oppleve at «the sky is the limit». Det er leit å tenke på at det er vi som pressar dei over kanten av stupet, seier Myhre.

Ein stor del av dei allereie utrydningstruga artane i Noreg har skogen som sin heim, men heller ikkje dei vil ha glede av den nye skogen.

– Desse artane slit i mangel på gamal naturskog med gamle og daude tre. Ny vegetasjon i fjellet vil ikkje løyse problema, det er kun skogvern og overgang til eit miljøvenleg og bærekraftig skogbruk som ivaretar artane. 

Myhre poengterer derfor at utfordringa med gjengroing i gamalt kulturlandskap ikkje er eit argument for å hogge ned skog kor som helst.

– Medan det gror igjen i verdifullt kulturlandskap, så vert det framleis hogd i den verdifulle gamalskogen. 75 prosent av skogane våre er flatehogd minst éin gong og kun tre prosent av den produktive skogen er eldre enn 160 år. Det er så ekstremt lite at det ikkje er rart at det er skogen som har flest utrydningstruga artar i Noreg. 

Å ta vare på eit rikt mangfald av artar vil også vere avgjerande for livsgrunnlaget til oss menneske, fortel skogsbiologen.

– Vi må auke innsatsen for å ta vare på meir villmark. Slik sikrar vi ein så robust og mangfaldig natur som mogleg, som er avgjerande i møte med klimaendringane. Men vi må sjølvsagt også ta tak i årsaka til at dette skjer, og då tenker eg fyrst og fremst på utslepp av klimagassar. Klarar vi ikkje å kutte tilstrekkeleg, samtidig som vi får på plass ein meir bærekraftig ressursbruk og naturforvaltning, så kjem vi til å få ei fattig jordklode. Og det vil gå ut over all verdas artar og i aller høgste grad oss sjølve.

Les også: Mellom oss finnes det stier

Annonse

Skrevet av Line Hårklau 22. oktober 2018