Reparasjonssuksess på Vinjerock

Maria Mathisen fiksar eit liggeunderlag på DNT Ung og Bergans sin reparasjonsstand på Vinjerock.
Maria Mathisen fiksar eit liggeunderlag på DNT Ung og Bergans sin reparasjonsstand på Vinjerock. Foto: Marius Dalseg Sætre

DNT ung stilte saman med Bergans opp på Vinjerock for å reparere friluftsklede. Det var det mange som ville nytte seg av. 

– Det har vore kø. Me har kanskje hatt 300 personar innom, seier Hans-Martin Erlandsen. 

Han stilte saman med Maria Mathisen opp som fikse-frivillig for DNT ung på Vinjerock i Jotunheimen, og det for å reparere klede og friluftsutstyr på standen til Bergans. At mange ville nytte seg av tilbodet er leiar i DNT ung, Johanne Grue Reiten, nøgd med. 

– Det er heilt fantastisk, og over all forventning. Det er alltid spanande å sjå om nye tilbod og miljøvett-tiltak slår an, om folk har lyst til å bruke dei, og me må kunne seie at det slo an denne gongen, seier Reiten. 

Hadde blitt kasta 

    Å fikse og reparere er heilt i tråd med punkt tre i Miljøvettreglane, sju enkle reglar for sporlaust friluftsliv, som DNT ung og POW Norge i lanserte i 2016. Då Bergans og DNT ung ville samarbeide, så vart det tilbod om fiksing på festival.

    Mellom Fondsbu og Eidsbugarden vart det ein sett opp ein stand med mellom anna symaskiner, sysaker, lappar til å tette hól i klede, verkty til å fikse glidelåser, og lappesaker til punkterte liggeunderlag.

    – Ofte treng folk hjelp til å lappe noko, ofte liggeunderlag, ofte jakker. Elles har me reparert sekkar, sko, skalljakker, skallbukser, og ja, eigentleg alt mogeleg, seier Hans-Martin Erlandsen.  

    Når han seier dette sit Maria Mathisen ved sida av han og syr. Ho syner fram buksa ho jobbar på. 

    – Det mest typiske er saumar som har gått opp, og eg har vore så heldig at eg har fått veldig mange skrittsaumar, flirer Mathisen.

    Ho fortel at repareringa verkeleg har gitt nytt liv til kleda. 

    – Det er fleire som har sagt at dei hadde tenkt å kjøpe ny bukse på veg opp her, men så har me sydd igjen skrittet, og så kan dei bruke den igjen, seier ho. 

    Og Erlandsen legg til: 

    – Det er jo det som er gøy for oss, for mange hadde kanskje kasta eller gitt vekk kleda sine, men no gir me produkta nytt liv. 

      Hans-Martin Erlandsen.
      Hans-Martin Erlandsen.
      Maria Mathisen.
      Maria Mathisen.
      Inngangen til reparasjonsstanden til DNT ung og Bergans.
      Inngangen til reparasjonsstanden til DNT ung og Bergans. Foto: Marius Dalseg Sætre

      Håper fleire reparerer

      Standen til Bergans og DNT ung var open både torsdag, fredag og laurdag på Vinjerock. Med mange som nytta seg av tilbodet, så meiner leiar i DNT ung at det gir mange fordelar. 

      – Me både sparer miljøet for belastning, og me har spart lommeboka til dei som kom innom. Her blei det både lett og mykje billigare for festivaldeltakarane å få reparert utstyret sitt - og det er akkurat sånn me ynskjer det skal vere, seier Reiten.

      – Kva effekt håper du dette vil ha?

      – Eg håpar dette gjer at fleire velgjer å reparere og ta vare på utstyret sitt så det får lengre levetid. Det er kulare med ei godt brukt fjellbukse som er fiksa litt på, og det er billigare å reparere glidelåsen på soveposen enn å kjøpe ein ny. Eg håper festivaldeltakarane har sett kor enkelt det kan vere, og at dei seinare også tenkjer reparasjon er eit betre alternativ enn å kjøpe nytt, seier Reiten.  

      – Viss me litt etter litt byrjar å velgje miljøvenlege løysingar vil me minske fotavtrykket vårt. Målet må vere at me ikkje øydelegg naturen av å vere i den. Eg har trua på at me kan få det til viss alle bidrar!

      For heldige deltakarar vert det også reparasjonsstand på Fjellfilmfestivalen som går av stabelen 8.-10. september 2017.  

      SJÅ BILETE I BILETKARUSELLEN:

      Johanne Grue Reiten.
      Johanne Grue Reiten.

      Skrevet av Kari Nygard Tvilde 25. juli 2017