Ti grunnar til å vere DNT-medlem

Kanskje du treff ein kjærast gjennom DNT?
Kanskje du treff ein kjærast gjennom DNT? Foto: Anders Hartmann, DNTs fotokonkurranse

Å vere medlem i Den Norske Turistforening er så mykje meir enn berre tur. Her er ti gode grunnar til at akkurat du bør bli medlem. 

1. Plutseleg hytteeigar!

Som medlem i DNT får du tilgang og rabatt på overnatting på over 540 hytter, og det i heile landet. Medlemmer kan skaffe seg eigen nøkkel til dei ubetjente hyttene, og i dei sjølvbetjente hyttene er det matlager slik at du kan gå med lettare sekk og heller kjøpe maten der. På betjente hytter kan du unne deg oppvartning av vertskapet på hytta, og gjerne ein treretters middag, med noko åttat. Å "dra på hytta" treng aldri meir å bli det same, for du kan alltids reise til ei ny hytte, kvar gong! 

2. Stiane!

Utan stiar og utan T-merking, så hadde turen ikkje vore den same. DNT har rundt 20.000 kilometer med merka sommarruter over heile landet, og 4300 kilometer med merka vinterruter i Sør-Norge.

3. Dugnadsand!

Utan alle dei som driv dugnad hadde me ikkje hatt desse stiane. Måling til T-ar trengs, og når du kjem fram til ditt hyttemål er det der også hytter som treng vedlikehald. Som medlem i DNT støttar du dugnadsarbeidet! Og kvifor ikkje jobbe litt på dugnad sjølv?  

4. Kom deg ut!

Det er deileg å komme seg ut, men det er også deileg å ha eit turmål. Med DNT kan du bli med på fellestur, og du kan bli med på arrangement. Freistar det å gå tur på eiga hand, så kan ein kikke innom DNT sine turpostar på vegen. Med appen DNT SjekkUT kan du samle på digitale turpostar og turmål. I tillegg får du på ut.no drøssevis med turtips du kan la seg inspirere av. Som medlem i DNT kjem du deg ut!

5. Lær deg noko nytt!

Dersom du ikkje skulle finne fram, så kan det kanskje freiste med eit kurs i kart og kompass? Ta eit kurs, lær deg noko nytt. DNT-medlemmer får rabattar på kurs og fellesturar. Kanskje du får ei ny interesse for klatring? Eller kanskje du finn ut at padling er noko for deg? Det finst mange mogelegheiter! Som DNT-medlem kan du også utdanne deg til å bli turleiar, og kanskje etterkvart bli instruktør innan bre, klatring, skred, og isklatring. 

6. Les deg opp! 

Alle medlemmer i DNT får Fjell og Vidde tilsendt i posten, eller dei kan velgje å lese magasinet digitalt. Artiklar, inspirasjon, og mykje meir. Landets største fruluftsmagasin med eit opplag på 183 000. Og du, du får også ei superflott årbok, kvart einaste år! Med i ditt medlemskap! Tenk det! 

7. Finn likesinna! 

Som medlem i DNT kan du finne likesinna, om det er på Singeltur, på Fellestur, eller det er barna som er med i barnas turlag. Ungdommar frå 13 år til og med 26 år er medlemmer i DNT ung, og desse kan også reise på kurs og turar i regi av DNT. For dei som vil oppover er kanskje DNT fjellsport passande. Det er også og grupper for DNT senior, og DNT har frilufstlivaktivitetar for personar med funksjonsnedsettingar.

Ikkje nok med det, dersom du vil finne ein heilt spesiell turkamerat eller turvenninne, så kan du prøve deg på Fjelltreffen.

8. Rabatt, rabatt, rabatt! 

Er du medlem i DNT, så får du medlemsrabatt på hytter, turar, og på aktivitetar. Du får også medlemsrabatt i DNT sine butikkar og i nettbutikken. DNT-medlemmer kan også få billeg reise til fjells med NOR-WAY bussekspress, rabatt på NSB kundekort, og inntil 26 prosent rabatt på fleire fritidsforsikringar i Gjensidige. Det finst spesialpris for festivalpass til Vinjerock, rabatt på festivalpass til Fjellfilmfestivalen, og rabatt på billettar til Peer Gynt-stemnet, Førdefestivalen, og på Kristinspelet. Du bur også billigare på andre stader enn DNT-hyttene. Du får nemleg rabatt på De Historiske - hotell og spisesteder, og du bur billeggare hjå Thon Hotel.

9. Reis til Sverige, Finland, og Island 

Når du er "ferdig med" dei over 540 hyttene DNT har, og har blitt gullgjest med gullnøkkel fordi du har vore på 100 hytter, så kan du ta turen til eit av nabolanda til Noreg. Som medlem i DNT får du nemleg også rabatt hjå Svenska Turistföreningen, Suomen Latu, og Ferðafélag Íslands. Ta det når du er ferdig med dei 540 hyttene. Eller så kan du reise med ein gong. 

10. Få minne for livet!

Hytter, stiar, dugnad, turar, kurs, menneske du møter, naturopplevingar. Som medlem i DNT får du minne for livet. Heilt sikkert. Berre prøv.   

Annonse

Skrevet av Kari Nygard Tvilde 21. juli 2017