Ta eit kurs i sommar!

Sommer er ei perfekt tid for å læra seg å bli trygg i ein kajakk.
Sommer er ei perfekt tid for å læra seg å bli trygg i ein kajakk. Foto: Juel Victor Løkstad Grande

Drøymer du om å padla, å gå på bre eller bli ein reser på kart og kompass? Kast deg ut i det og meld deg på eit kurs!

Å tileigna seg kunnskap om friluftsliv gjev deg tryggheit, sjølvstendigheit og ei vissheit om at du på neste tur ikkje nødvendigvis er avhengig av andre for å tørra å ta steget. Kor god er vel ikkje mestringskjensla når du får til noko du lenge har drøymd om?  

Kajakk

Padling har blitt kjempepopulært dei siste åra, og med god grunn. Her er du tett på både kyst -og dyreliv med kroppen som motor. DNT arrangerer både introkurs og kurs for deg som har kjennskap til padling frå før. 

SUP - Stand up paddling

Ein aktivitet som passar for dei aller fleste, og som er lett å mestra. 

Grunnleggande brekurs

Her krevst ingen forkunnskap, men du bør vera fjellvant. Kurset viser deg korleis du skal ferdast på bre på ein sikker og naturvenleg måte.  

Heilt ny?

Då er Ferskingkurs midt i blinken. Her får du grunnleggande kunnskap om friluftsliv. Me tilbyr også ferskingtur frå hytte til hytte. Det kan du melda deg på her

Turleiarkurs

Trivst du på tur og har lyst til å dela kunnskapen din med andre? DNT aktiviserer 1 millionar menneske kvart år, og me treng fleire engasjerte og dyktige turleiarar. Meld deg på her

Surfing

Legg turen til idyllliske Hoddevika på Stadt for surfekurs. Ei reise hit er verd turen i seg sjølv. Tre dagar, for deg mellom 13 og 26 år

I DNT kan du melda deg på turleiarkrus gjennom heile året.
I DNT kan du melda deg på turleiarkrus gjennom heile året. Foto: Eivind Haugstad Kleiven

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 5. juli 2017