No opnar sommarfjellet!

Obligatorisk på tur - lange pausar i lyngen!
Obligatorisk på tur - lange pausar i lyngen! Foto: Marius Dalseg Sætre

Lengtar du etter å ligga i ei blomeeng, eta høgdemeter til frukost eller legga deg til lyden av ei brusande elv? DNT byr på alt dette og meir. 

I veke- og månadsvis har frivillige over heile landet jobba flittig for at turglade skal få eit godt tilbod i sommar. Bruene er ute, senger er reidd opp og matlager og kjøkken er fylde med gode råvarer. Vertskap og hyttevakter gjer seg klare til å ta imot fjellvandrarane for sesongen.

- Sommar er høgsesong for turgåing og friluftsliv. Våre betjente hytter har hatt ein velfortjent pause etter påske, og no opnar dei att med fest for små og store larurdag 24. juni. Me har plass til alle, og håpar flest mogeleg tek turen til ein av hyttene våre denne helga. Juni er ei fantastisk flott tid på fjellet, med kveldar som varer og varer,  seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT.

Sommar + fjell = Sant 

Mange ynskjer seg ein aktiv ferie i Norge, og fjellferie er ein sjølvsagt del av den for mange. Nesten 2 millionar av oss skal på tur, i fylgje ei fersk undersøkjing frå TNS Gallup. Samtidig slår DNT alle medlemsrekordar og har no over 270 000 medlemmer, noko som er meir enn heile 2015 tilsaman.   

-  Det er ingen tvil om at frilfuftsliv lokkar. No er det ikkje noko nytt at Norge er ein turnasjon, men med ei medlemsvekst på 18. året, er DNT i kraftig medvind. Det er dette me jobbar for over heile landet, å få folk ut på tur. Det er ekstra gledeleg å sjå at det er stadig fleire som kjenner seg heime i naturen og som nyttar seg av alt den har å by på, seier generalsekretær Øveraas. 

44 betjente hytter opnar dørene 23. juni. Utanom desse har DNT 500 andre, der størstedelen alltid er tilgjengelege som sjølv-og ubetjente hytter. På den betjente, barnevenlege Grimsdalshytta i Rondane er det mykje som skjer:

- Me tilbyr guida sykkeltur frå hytta til Dombås, naturstien er open for barn og vaksne, og me får den lokale duoen "Luggumt" på besøk for liv og dans på kvelden, seier hyttevert Rune Sundt. Her er det bilveg inn, frodig og grønt, og eit eldorado for opplevingar og leik for dei minste. Velkomen til oss!

Finn ditt arrangement

Her!

Føremeldingar 

Ein fin tur, er ein førebudd tur. Sjekk korleis forholda er der du skal gå.

Kvikk lunsj ønsker dere en god tur!

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 19. juni 2017