Fiks og redesign på Vinjerock

Små boksar er klare med pullarar til glidelåsar. No kan jakker fiksast på Vinjerock og Fjellfilmfestivalen, takka vere samarbeid mellom Bergans og DNT ung.
Små boksar er klare med pullarar til glidelåsar. No kan jakker fiksast på Vinjerock og Fjellfilmfestivalen, takka vere samarbeid mellom Bergans og DNT ung. Foto: Kari Nygard Tvilde

Bergans og DNT ung stiller med eksperthjelp og fikseutstyr. Du tar med dine klede. Resultatet? Fiksing og redesign av friluftsutstyr på Vinjerock og Fjellfilmfestivalen.

– Dette blir så moro, leiar i DNT ung, Johanne Grue Reiten.

DNT ung stiller både med turinfo, turleiarar og med konkurransar på Vinjerock. Det som er nytt på årets festival er likevel det Reiten er ekstra stolt over i år. 

– Ved sportsbutikken kan alle som vil komme og fikse utstyr dei har liggande. Zipper på glidelåsar, hol i klede, og andre små reperasjonar kan du prøve å fikse, seier Reiten. 

Ta med eigne klede

I dei sju Miljøvettreglane som vart lansert av DNT ung og POW Norge i 2016, er det å ta vare på tur-utstyr viktig. Regel nummer to er "Sats på opplevingar, ikkje utstyr", og regel nummer tre er "Fiks alt, alltid". 

– Me ynskjer at turutstyr skal ha lengst mogeleg levetid. Du kan kjøpe brukt, og viktigast av alt er at ein alltid bør fikse utstyret om ein har fått ei rift eller liknande. Med fiksing på Vinjerock håpar me fleire blir inspirerte til å vere meir miljøvenlege, seier Reiten.

Ho oppfordrar alle festivaldeltakarar å ta med jeg friluftsklede dei vil fikse, og dersom dei har friluftsklede som kan bli til noko nytt, så er det sjanse for å prøve seg på redesign også.  

– Om du har med eige utstyr til redesign så er det kult. Det er kjempemoro! Me i DNT ung gler oss masse til å sjå kva folk vil lage, seier Reiten. 

Og dei to frivillige som du finn på standen er klare for å hjelpe og inspirere dei som kjem innom. 

– Det er utruleg spanande å vere kreativ og gi nytt liv til gamle ting, seier Maria Mathisen.

– Fiksing og reparering gir i tillegg ei god mestringskjensle, legg Hans-Martin Erlandsen til. 

Saka held fram under biletkarusellen. 

    Johanne Grue Reiten er stolt over at DNT ung skal fikse og redesigne saman med Bergans.
    Johanne Grue Reiten er stolt over at DNT ung skal fikse og redesigne saman med Bergans. Foto: Kari Nygard Tvilde

    Fleire konkurransar

    DNT ung er også tilstades med fleire konkurransar. Vinnaren av Gnagsårprisen skal kårast, og dei som lastar ned appen DNT SjekkUT kan prøve seg på to ruter i appen: ein med sju tindar, og ei litt kortare rute. 

    Norsk Tipping og DNT ung premierer ein heldig vinnar som anten har gått heile den korte ruta, eller som har gått ein eller fleire av dei sju tindane. Hovudpremien er 100 Flaxlodd!

    Tar ein i tillegg ein selfie på ein av postane i DNT SjekkUT, så kårar også DNT ung og Norsk tipping dei tre beste selfiane. Desse tre får ti Flaxlodd kvar.

      I tillegg får dei 70 første som gjer dette, og som kjem innom Turinformasjonen DNT ung, kvart sitt Flaxlodd.

      – Her er det berre å hive seg rundt og gå ein tur med appen SjekkUT, seier Johanne Grue Reiten, leiar i DNT ung. 


      Dette kan Bergans og DNT ung fikse på festival:

      • Sy eller tette hol i både i skalbekledning og boblejakker.
      • Glidelås, enkel reparasjon av dragar (men ikkje utskifting av glidelås). 
      • Re-sy saumar som har gått opp/sprukke, og fikse så det blir vasstett.

      Opningstid på fiksing og redesign på Vinjerock: 

      • Torsdag: 16.00-19.00
      • Fredag: 10.00-13.00 og 16.00-19.00
      • Laurdag: 10.00-13.00 og 16.00-19.00
      Ei jakke kan bli til eit fint plagg for hunden.
      Ei jakke kan bli til eit fint plagg for hunden. Foto: Kari Nygard Tvilde

      Skrevet av Kari Nygard Tvilde 10. juli 2017