Kva TOPP7-tur går du for? 

Bergen er eldstemann i klassen, og arrangerer i år TOPP7-tur for 69. gong.
Bergen er eldstemann i klassen, og arrangerer i år TOPP7-tur for 69. gong. Foto: Frikk H. Fossdal

Mai og juni er høgsesong for bynære dagsturar med toppturar i DNT. Sjekk dei ulike TOPP7-turane her! 

Alt i 1948 begynte bergensararene å gå organisert frå fjell til fjell - på ein og samme dag. Bergen og Hordaland Turlag vart dermed fyrst i rekka med sin "7-fjellstur". I dag har DNT  liknande turar 11 andre stader i landet og kalla dei TOPP7.  

- Det er aukande interesse for denne type dagsturar. TOPP7 er krevjande turar, men noko alle kan vera med på, då ein sjølv kan velja både lengde og tempo på ruta, fortel Nils Øveraas, generalsekretær i DNT. 

Utan tidtaking 

Ein tur merkt med "Topp7" er ein av DNT sine lengste, bynære dagsturar. Topp7- turane er  åpne og store arrangement. På dei største arrangementa går mange mange tusen samtidig. Turane har ulik lengd på dei forskjellige stadene, og ofte er det et kortare alternativ. Felles for alle er at dei er utan tidtaking eller konkurranse.  

- Akkurat det er me litt stolte av. Desse turane går mot straumen i tida. Svært mange løp og turar i dag dreier seg om den beste plasseringa. Det me ynskjer å gje deltakarane med TOPP7 er fyrst og fremst oppleving, turglede og meistring, fortel Øveraas.   

Over 20 000 deltakarar 

Søndag 21.mai er det store startskotet for årets TOPP7-sesong. Då skal tusenvis gå frå topp til topp under arrangement i Drammen. Helga etter er det Stavanger og Bergen sin tur, og seinare i sommar vert det turar mellom anna i Bodø, Førde og Trondheim. Totalt skal over 20 000 ut og gå: 

- 7-fjellsturen i Bergen er i dag meir populær enn nokon gong, og det største enkeltarrangementet i DNT-systemet med ei øvre grense på 9000 deltakarar. Ferda over dei sju fjell gjev deg minnerike opplevingar frå store deler av den bergenske fjellverda. Ikkje nøl med å melda deg på, oppfordrer Andrè Marton Pedersen i Bergen og Hordaland Turlag. 

God tur!

Her finn du ei fullstendig oversikt over alle turane.

Hugs og les våre 10 tips for ein vellukka tur før du legg i veg.


Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 16. mai 2017