DNT ung tar sats for miljøet

Med over 90 deltakarar på Landsmøtet til DNT ung er miljøengasjement større enn nokon gong. No vil dei unge gjere ein ekstra innsats for miljøet.
– Me vil jobbe for å minske fotavtrykket me set når me driv med friluftsliv, seier nyvalt leiar i DNT ung, Johanne Grue Reiten.
På Landsmøtet som vart arrangert på Voss den 30. mars til 2. april gjekk DNT ung for resolusjonen DNT ung går for eit mindre fotavtrykk.
DNT ung ynskjer at heile DNT skal vere ein miljøfyrtårnsertifisert organisajon, og ynskjer å bli endå meir tydeleg når det kjem til miljøspørsmål.
– Det er viktig for DNT ung at me ikkje "brukar opp" naturen, både på dei stadene der det ikkje er veldig mykje trafikk, og særleg rundt turmål som Trolltunga og Preikestolen, seier ho.
- LES OGSÅ: Rekordmange unge vil ut i friluft
Alt for miljøvett!
Miljøvettreglane som DNT ung lanserte i 2016 saman med POW Norge, er noko DNT ung tar med seg vidare i arbeidet sitt.
DNT ung ynskjer også å følgje opp suksessen GRØNN fredag som vart arrangert same dag som "Black Friday" i 2016. No ynskjer DNT ung å arrangere byttekveld to gonger i året, og den første, "GRØNN onsdag" går av stabelen 10. mai.
– Me satsar på ein enkel, sosial og billeg måte å drive miljøvenleg friluftsliv på. Det gjer me ved å fokusere på blant anna reparasjon av utstyr, kjøp og sal av brukt utstyr og samkøyring, seier Reiten.
- LES RESOLUSJONEN: DNT ung går for eit mindre fotavtrykk

Ny leiar og nytt styre
Stig Øystein Schmidt gjekk på Landsmøtet av som leiar etter fire år i Landsstyret, der to av desse var som leiar. Johanne Grue Reiten vart valt som ny leiar.
Reiten er tidligare styreleiar for DNT ung Oslo og har sete som styremedlem i DNT ung sitt landsstyre dei siste fire åra. Ho er utdanna sommerturleiar og er under utdanning til å bli NF skredinstruktør.
– Det er kjempespanande å få leie ein organisasjon som veks så mykje og som stadig fleire engasjerer seg i. Det er utruleg givande å få halde fram med å jobbe for at det skal bli lettare for ungdom å kome seg ut, anten det er på fjellet, i nærområdet, eller i kajakk, seier Reiten.
Vårinn Hauan Nilsen og Kristoffer Robin Kjørum sit eitt år til i landsstyret medan dei nyinnvalte er Konstantin Plotkin (DNT ung Bergen) og Markus Sæther Malmin (DNT ung Hamarøy) som er valt for to år, og Fredrik Asche Kaada (DNT ung Stavanger) som er valt for eitt år.
– Eg gler meg til å leie DNT ung vidare saman med det nyvalgte landsstyret. Det er veldig gøy å få jobbe inn mot resten av organisasjonen for å gjere tilbodet til DNT generelt meir attraktivt for ungdom, seier Reiten.
– Når me i tillegg kan bidra til eit meir miljøvenleg friluftsliv, ikkje berre blant ungdom, men for alle, så er det ekstra gøy!
På Landsmøtet gjekk Veiviserprisen til DNT ung Oslo, og Amalie Fjellsøy frå DNT ung Brønnøy fekk Frivillighetsprisen.

