Rekordmange unge vil ut i friluft

Frå landsmøte DNT ung på Saltfjellet 2016.
Frå landsmøte DNT ung på Saltfjellet 2016. Foto: Ida E. M. Angeltveit

DNT ung samlar seg til landsmøte på Voss denne helga med fleire rekordar i sekken. Aldri før har DNT ung hatt fleire medlemmer.

DNT har om lag 290 000 medlemmer, der 42 000 av dei er ungdom mellom 13 og 26 år. Av alle gruppene i DNT, er DNT ung den som har størst vekst både når det gjeld arrangerte kurs og turar.

Ferske tal frå DNT viser at DNT ung i 2016 arrangerte 121 kurs for turinteressert ungdom og 1033 turar med over 31000 deltakarar. Det er en økning på 434 turar samanlikna med året før.  

– Ungdom vil gjerne vere aktive så lenge me sjølv kan få bestemme kva me gjer og korleis me gjer det, seier Stig Øystein Schmidt, leiar i DNT ung. 
 
– Det er eit stort press på unge i dag, og DNT ung er ei bra motvekt til det. Me har ikkje fokus på konkurranse eller tidtaking, me er meir eit sosialt fellesskap der det er mestring og gode opplevngar som er greia, seier han.  

Val av ny leiar 

Noverande leiar DNT Ung, Stig Øystein Schmidt.
Noverande leiar DNT Ung, Stig Øystein Schmidt. Foto: Marius Dalseg Sætre

Torsdag 30. mars til søndag 2. april kjem over 90 unge med eit hjarte for friluftsliv til Voss for å vere med på Landsmøte. På sakslista er diskusjon av stategi, behandling av resolusjonen "DNT ung går for eit mindre fotavtrykk", og val av ny leiar.  

Etter fire år i landsstyret, og to år som leiar, takkar Stig Øystein Schmidt for seg. Laurdag skal det stemmast over kven som blir etterfølgaren. Noverande nestleiar i landsstyret, Johanne Grue Reiten frå DNT Oslo, er leiarkandidat.  

For eit meir miljøvenleg Noreg

Fram mot stortingsvalet hausten 2017 vil DNT ung jobbe aktivt med å påverke politikarar og myndigheiter til å jobbe for eit mer miljøvenleg Noreg, seier leiar i DNT ung, Stig Øystein Schmidt:   

– Friluftslivet står utruleg sterkt i Noreg. For at me skal kunne nytte den same urørte naturen i lang tid framover, er me nøydde til å gjere gode vegval på turen. Framtidige generasjonar skal få dei same gode naturopplevingane som oss, seier han.

Leiarkandidat Johanne Grue Reiten.
Leiarkandidat Johanne Grue Reiten. Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Landsstyret på DNT ung sitt Landsmøte på Saltfjellet 2016.
Landsstyret på DNT ung sitt Landsmøte på Saltfjellet 2016. Foto: Ida E. M. Angeltveit

Skrevet av Kari Nygard Tvilde 31. mars 2017