GRØNN onsdag: Brukt er gull

Retro, gjenbruk, gamalt, godt brukt. DNT ung vil gi gamle klede nytt liv og inviterer deg til GRØNN onsdag.

– GRØNN onsdag er ei kjempeanledning til å skaffe seg brukt utstyr, seier leiar i DNT ung, Johanne Grue Reiten. 

I fjor lanserte DNT ung og POW Norge Miljøvettreglane som er sju enkle tips til korleis ein kan drive med friluftsliv på ein meir miljøvenleg måte. Samtidig inviterte DNT ung til den nasjonale bytekvelden Grønn fredag, på same dag som salsdagen "Black Friday". 

– Enorme mengder sports- og friluftsutstyr blir kasta i Noreg. DNT ung ynskjer å oppfordre til langtidsbruk av alle produkt som blir kjøpt, seier Reiten. 

I år tar DNT ung opp igjen suksessen med Grønn fredag, og inviterer til GRØNN onsdag 10.mai der ein kan byte til seg, gi vekk, eller selge utstyr ein har til overs. Alt frå skiutstyr, til klede og turdingsar er innafor.

– Ein tar med seg noko ein ikkje brukar lenger sjølv, og kan få med seg noko som andre ikkje treng. Og det heilt gratis, seier Reiten.

– Dessutan er det kult å bruke brukt, seier ho.  

Får inn nesten ubrukt utstyr

DNT ung oppfordrar alle til å ta ei opprydding heime, og deretter ta seg ein tur på bytekvelden GRØNN onsdag som blir arrangert heile tolv stader i landet. 

– Mange har fine, gamle klede liggande heime, og ingenting er betre enn at det me alt har blir brukt, anten av oss sjølve eller av andre. Då slepp me å produsere nytt, og då minskar me også CO2-utsleppa, seier Reiten. 

– Erfaringane våre frå tidligare bytekveldar er at det kjem inn masse bra utstyr som nesten ikkje er brukt. På GRØNN onsdag får utstyret får et nytt liv, seier ho.

GRØNN onsdag vert arrangert heile tolv stader i landet: Bergen, Brønnøysund, Drammen, Gjøvik, Hamar, Hamarøy, Sandefjord, SkienStavanger, Trondheim, Voss, Ålesund. 

  • Kanskje kan ullgensaren få nytt liv på GRØNN onsdag, for den er populær:
Johanne Grue Reiten.
Johanne Grue Reiten. Foto: Kari Nygard Tvilde

Skrevet av Kari Nygard Tvilde 5. mai 2017