Gå deg til Vinjerockbillett

Vinjerock blir arrangert 20.-23. juli 2017.
Vinjerock blir arrangert 20.-23. juli 2017. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Glad i gå, og har plan om å reise til Vinjerock? Tar du ein fjelltur før årets festival, så kan du vinne Gnagsårprisen og billett til festivalen i 2018. 

Vinjerock og DNT ung deler ut Gnagsårprisen i år også! Tradisjonen tru går prisen til den eller dei som har vore på besøk i flest DNT-hytter, eller hytter med samarbeidsavtale med DNT, før årets Vinjerockfestival. 

Dersom du tar deg ein flott fjelltur før festivalen kan det bli du som stikk av råe premiar. Hovudpremien er en billett til Vinjerock 2018. Eit gnagsår eller to er vel verdt det då?

For å vere med i konkurransen må du laste ned Gnagsårpasset.
​​​​​​​Hugs å få godkjenning på kvar einaste hytte du overnattar på!
​​​​​​​

Saka held fram under bileta.

Gå til Vinjerock - vinn billett.
Gå til Vinjerock - vinn billett. Foto: Marius Dalseg Sætre
Sett opp teltet på Vinjerock - etter at du har gått dit, sjølvsagt.
Sett opp teltet på Vinjerock - etter at du har gått dit, sjølvsagt. Foto: Marius Dalseg Sætre

OPPLEV VINJEROCK:

Foto: Marius Dalseg Sætre

Gjekk 250 kilometer

    Gnagsårprisen har vore ein del av Vinjerock sidan 2007, og fjorårets vinnar, René Stene, gjekk heile 250 kilometer før han kom til Eidsbugarden. 

    Han starta turen tidleg i juli, og brukte ferien sin på å vandre i fjellet. Åndalsnes var eit naturleg startpunkt både på grunn av at toget går dit, og fordi han ville oppleva Tafjordfjella.

    – Det var eit fantastisk område. Eg er van til å gå åleine, og har gjort det no også. Fordelen med det er at ein kan bestemme ruteval og tempo sjølv, sa René til DNT etter å ha vunne Gnagsårprisen. 

    – Det er utruleg flott å oppleve fjellet på denne måten, og å utfordre seg sjølv. Dessutan møter ein mange kjekke folk undervegs, så det heile vert veldig hyggeleg, rett og slett! 

    Og gnagsår vart det også på Gnagsårprisvinnaren. Dei siste tre dagane på turen sleit han med vonde føter. Det enda opp med eit besøk hjå legen i festivalcampen, og behandling for infeksjon.

    – Det viste seg at det var tøft for beina med så lange etappar, og dei siste dagane var det ikkje godt å gå, sa René.

    Les om tidlegare vinnarar her: 

    René Stene, Gnagsårprisvinnar 2016.
    René Stene, Gnagsårprisvinnar 2016.

    Skrevet av Kari Nygard Tvilde 8. februar 2017