Brukte eitt år på naturfilm

Morten Rustad har laga naturfilm med bruk av teknikken timelapse.
Morten Rustad har laga naturfilm med bruk av teknikken timelapse. Foto: Morten Rustad

Morten Rustad (23) brukte heile 2016 på å reise rundt i Noreg, og timelapse-filmen "Seasons og Norway" blei resultatet.

– Dei beste minna er nok når eg tilfeldigvis finn fantastiske, ukjente plassar. Eg er nok mest nøgd med å få fram stader som i utgangspunktet ikkje får så mykje merksemd, seier Rustad.  

Rustad er frå Fredrikstad og bur i Oslo. Der jobbar han i Turbin film, og har det siste året hatt rundt ei veke i månaden ute i naturen. Det gir gode minne. 

– Finnmark synes eg er fantastisk, spesielt Varangerhalvøya. Det er ein stad alle burde vitje, for der er det eit landskap du ikkje finn nokon annan stad i Noreg, seier han.

Bur helst i telt

Rustad har med seg mykje tungt utstyr på tur for å lage timelapse-film, ein teknikk der ein stiller inn kamera til å ta eitt og eitt bilete om gongen, for så å seinare sette det saman til film. Det er noko som tar mykje tid, og Rustad reiser difor som regel åleine. 

– Timelapsing krev mykje tolmod og ein ikkje-eksisterande døgnrytme, så det er nok best å reise åleine. Det blir telt, for då føler eg at eg kjem nermast naturen, seier han.  

– Hyttetur kan fort bli for komfortabelt, og då endar ein ofte opp med å ikkje bruke nok tid til å fange dei viktige augneblikka, seier Rustad.

Sjå filmen her: 

Morten Rustad på tur.
Morten Rustad på tur.

Skrevet av Kari Nygard Tvilde 30. januar 2017