Aktiv vinterferie med DNT

Vinter på Ringebufjellet, i området mellom Vetåbu og Djupslia.
Vinter på Ringebufjellet, i området mellom Vetåbu og Djupslia. Foto: Julie Maske

Rundt 330 aktivitetar står på planen til DNT i vinterferievekene. Kanskje eit skredkurs, vintercamp, eller ein fellestur er noko for deg?

Ingenting er vel betre enn å nytte ferien til å komme seg ut. Ynskjer du å ta turen til ei bemanna hytte eller fjellstove, så er Haukeliseter FjellstuePreikestolen FjellstueSvukuriset (open 17.-26. februar), Fondsbu (opnar 16. februar), Gjevilvasshytta (open 17.-26. februar), og Gjendesheim (opnar 18. februar) opne. Dei fleste av desse hyttene arrangerer vinterferiemoro for store og små. 

Vil du nytte deg av ei ubemanna eller sjølvbetjent hytte, så kan du sjekke kva hytter som er opne på UT.no

Ta eit kurs

Før du tar turen ut kan det vere kjekt å vere med på eit ferskingkurs, og før du legg ut på fjelltoppane er eit skredkurs nyttig. Mange av skredkursa er alt fullbooka, men er du heldig så kan du få sjansen til å bli med på skredkurs på Gjendesheim, grunnkurs i Indre Troms, eller NF Metodekurs i Dovrefjell

Har du ynskje om å ta eit kitekurs, så er det fleire mogelegheiter for det på Haukeliseter.  

Freistar det meir å vere inne, så er kanskje eit klatrekurs noko for deg? I Tønsberg kan heldige deltakarar ta topptaukurs, og i Oslo vert det arrangert klatrekurs for dei som er mellom 13 og 30 år.

Dersom du vil kan du også heve førstehjelpskompetansen din med både kurs i Tromsø og kurs i Telemark, og i vinterferien er det også fleire turleiarkurs og kurs i kart og kompass

Fellestur eller camp

DNT har fleire skredkurs i vinterferievekene.
DNT har fleire skredkurs i vinterferievekene.

Dersom du vil ut på tur med familien eller i ei gruppe, så finst det over 250 fellesturar du kan vere med på i vinterferievekene. Nærtur, snøhuletur, astronomitur, overnattingstur, skitur, og isfiske er berre noko av det ein kan oppleve. 

På Gjendesheim er det også aktivitetsferie for dei mellom 13 og 16 år, med både skiturar og lure tips og triks for friluftsliv i vinterfjellet. 

Elles i kan dei yngre i familien også vere med på Vintercamp på Lakkenstova (13-16 år) i sør, friluftsskule i på Skaret i Møre og Romsdal (10-13 år), og DNT Drammen og omegn arrangerer friluftsskule på Eiksetra (5.-7. trinn).

Det vert også basecamp på Standalhytta i Møre og Romdal (13-17 år), og DNT Gjøvik og omegn arrangerer basecamp på DNT Osbakken (13-16 år). I tillegg kan dei som er 13-16 år gamle reise med DNT ung Holmestrand på hyttetur til Hadeland

Del gjerne turen din med oss! Bruk emneknaggen #turistforeningen eller #DNTung på Instagram eller send bileta til oss på Facebook.

Basecamp byr på mykje moro for dei unge i familien.
Basecamp byr på mykje moro for dei unge i familien. Foto: Elin Hansson/ DNT
Nærtur med nye vener.
Nærtur med nye vener.
Freistar ein snøhuletur?
Freistar ein snøhuletur? Foto: Anne-Kari Normann

Skrevet av Kari Nygard Tvilde 6. februar 2017