Folket på hytta

Det gode vertskap ser kvar enkelt gjest. Her ser du Randi Horghagen som er vertinne på Gjevilvasshytta i Trollheimen.
Det gode vertskap ser kvar enkelt gjest. Her ser du Randi Horghagen som er vertinne på Gjevilvasshytta i Trollheimen.

Vertskapet på dei betjente hyttene er dei viktigaste ambassadørane til DNT.   Førre veke var mange av dei samla for å bli enda betre til å få folk til å trivast på hytta. 

Den største lykka som vertinne er den unike kontakten du får med mennesker. Jorun Svingen, vertinne sidan 1966

Ein finn menneske som jobbar som vertskap på 44 av DNTs 490 hytter. Dette er menn og kvinner som arbeider, bur og lever på fjellet.  Dei sørgjer for at alle har ei seng å sove i, dei sørgjer for god fjellmat på bordet og dei gir fjellturistane dei beste turtipsa i området.

DNTs viktigaste ambassadør

I løpet av fjoråret var det over 350.000 overnattingar på DNT-hytter. Over halvparten av dei var på betjente hytter kor du blir servert mat av vertskapet på hytta. 



   - I høgsesongen kan det plutseleg kome mange gjester på ein gong og då kan det bli svært hektisk på DNT-hyttene.  Men uansett kor travelt det er så skal gjesten vere i sentrum. Jobben som vertskap er utruleg viktig, for det er her folk flest møter menneska som arbeider i turistforeininga, seier Anne Mari Aamelfot Hjelle, assisterande generalsekretær i Den Norske Turistforening.

Derfor samla mange av dei som arbeider som vertskap til konferansen Mat og Reiseliv på Sundvollen. På kurset «Det gode vertskap» vart dei inspirerte til å tenkje på korleis ein kan bli endå flinkare til å få kvar enkelt hyttegjest til å føle seg velkommen. 

Vertskapsrolla før og no

DNT har hatt vertskap, eller bestyrarar som det òg har blitt kalla, heilt sidan 1871. Den fyrste vertinna blei kalla jomfru Engell og dreiv Krokan Turisthytte i ni år. Å vere vertinne på den tida var hardt arbeid. Ein hadde verken straum, helikopter eller andre hjelpemiddel.  I tillegg var det ein utfordring å få frakta opp nok øl til alle gjestene. 

Ei kjent og kjær vertinne i dag er Jorunn Svingen.  Ho har vore vertinne i 46 år og held i dag til på Sota Sæter i Breheimen.

-    Å vere glad i folk må vere den viktigaste eigenskapen til nokon som vil vere bestyrar, seier Jorun Svingen.

Svingen trekk fram at ho prøver å hugse på korleis ho sjølv likar å bli mottatt som gjest.  Å bli litt betre kjend med hyggelege gjester er det beste med jobben, meiner ho.

- Den største lykka som vertinne er den unike kontakten du får med mennesker!

Hugs å skryte

I dag kan det å vere vertskap på ei betjent hytte samanliknast med å vere leiar i ei lita bedrift. I tillegg til å vere vert skal du kunne det meste, frå matlaging til personaloppgåver.  I sesongen vert det lange dagar.

-    Å vere vertskap kan vere ein utruleg krevande jobb. Vi håper alle gjestene kan ha forståing for at det til tider kan vere travelt, seier Anne Mari Aamelfot Hjelle.

Hjelle oppfordrar alle gjestene til å vere raus med positive tilbakemeldingar.
-    Å få nokon gode ord og eit smil kan bety mykje for dei som arbeider lange dagar som vertskap. Hugs at utan desse fantastiske menneska hadde det vore mykje vanskeligare å nytte seg av fjellet, seier Hjelle.

-    Ei holdning, ikkje stilling

Märit Torkelson er føredragshaldar og arbeider med å få verksemder til utvikle ein velkomstkultur. Ho inspirerte hyttevertskapet til DNT i korleis ein kan gje gjesten det «lille ekstra».  På kurset brukte ho mykje tid på å definere ordet «velkommen». For kva ligg det eigentleg i det å ynskjer nokon velkommen?

-    Det handlar om at vertskapet har tenkt på at gjesten skal kome på førehand. Kanskje er det fyr i peisen eller levande lys i resepsjonen, seier Torkelson.

Eit godt vertskap er likevel er meir enn eit koseleg innemiljø eller ei stillingskildring.

-     Den viktigaste suksessfaktoren er å vere glad i seg sjølv og i jobben sin.  Eit godt vertskap er når vertskapet likar å vere vertskap , seier Torkelson.
Det gode vertskap er:
  • Glad i folk
  • Ser kvar enkelt gjest
  • Har kunnskap om naturen i området
  • Forteljer gjestene historiar om maten og hytta
  • Raus
  • Byr på seg sjølv
  • Får gjestene til å føle seg velkommen
Märit Torkelson meiner eit godt vertskap er når vertskapet likar å vere vertskap.
Märit Torkelson meiner eit godt vertskap er når vertskapet likar å vere vertskap.

Annonse