Oppskrifta på eit uteår

Vintertur med DNT ung til Hallingskeid
Foto: Hanna Eskeland
2017 kan bli tidenes friluftsår, og det treng ikkje vera vanskeleg. Her er enkle tips for å nå målet.
- Bestem deg for å besøka minst ei ny DNT-hytte. Eller kva med tre totalt - ei skogshytte, ei fjellhytte og ei kysthytte? DNT har 538 unike hytter å velja mellom.
- Ta ei #nattinaturen. Førebu deg godt - sjekk kva du treng her.
- Set av tid til planlegging og gjennomføring av ein langtur i et fjellområde du alltid har drøymt om å gå i.
- Meld deg på eit kurs og bli ein reser på turmat, navigering eller isklatring.
- Hugs Miljøvett. Fiks utstyret i staden for å kjøpa nytt. Eller kjøp brukt.
- Meld deg på fellestur og prøv ein friluftsaktivitet du aldri har prøvd deg på før.
- Inviter til ein date under stjernene. Med eller utan pledd, termos, bål eller bobler.
- Bursdag, jubileum, fest? Ta det ute med skinnfell, bål og varm drikke. Garantert noko gjestene vil hugsa.
- Set deg på sykkelen eller gå til jobben.
- Bli med på nærtur og bli betre kjend i området der du bur. DNT arrangerer turar over heile landet.
- Sjekk ut.no. Finn 900.000 stader i Norge, over 10.000 turforslag og 1200 hytter.
- Lag refleksløype. Heng refleksane opp i tre og buskar og ta med deg borna. Hugs lommelykt!
- Bli en turkokk! Prøv til dømes å tilbereda og eta èin søndagsmiddag i månaden ute.
- Invitèr med deg ein ven og ta oppdatering på livet til skogs i mørket, men med hovudlykt.
Og sist, men ikkje minst - bli medlem av DNT! Då gjer du det mogeleg for oss å tilby merking av 22 000 km stiar på sommarstid og 4300 kvista kilometer på vinterstid. Så; i tillegg til at du gjer noko bra for deg sjølv, bidreg du til at tusenvis kan få like flotte opplevingar som dei du jaktar etter.

Foto: Aust-Agder Turistforening