Norsk natur blir øydelagt til inga nytte

- Vi ønskjer at DNT blir ein dialogpartner for å finne ut kva slags vindkraftprosjekt som er gode og dårlege, seier Kristin K. Devold. Dette bilete er tatt på Vågsøy.
- Vi ønskjer at DNT blir ein dialogpartner for å finne ut kva slags vindkraftprosjekt som er gode og dårlege, seier Kristin K. Devold. Dette bilete er tatt på Vågsøy. Foto: Oddvin Lund

DNT krev å bli høyrt når styresmaktene avgjer kva slags naturområde som blir ramma av nye kraftutbyggingar.

Brennpunktprogrammet «Et slag i luften» som blei sendt på NRK1 tysdag kveld stadfestar problemet som Den Norske Turistforening hadde som si viktigaste sak under landsmøtet i år. Den pågåande industrialiseringa av vår unike natur viser seg å vere til lita nytte. Generalsekretær Kristin Krohn Devold understreker at vi ikkje løyser ein type miljøproblem med å skape eit anna.

            - Det er velkjend gjennom tall frå Statnett at Norge vil ha rikeleg overskot på kraft både no og i framtida. Store landskapsområder og mange småfossar langs fjordane blir no øydelagt utan at det er grunngitt i kraftbruken vår. Vi kan ikkje reparere høge CO2-utslepp og aktivitet i Nordsjøen ved å rasere den norske naturen, seier Krohn Devold.

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som gir løyve til utbyggingar. Sjølv om 55 prosent av alle vindkraftplaner blir vurdert til å vere i stor eller svært stor konflikt med friluftsinteresser og landskapsverdiar, får mange likevel konsesjon.  Den Norske Turistforening ønskjer å vere ein aktiv rådgivande part for kva slags områder som er for verdifulle til å gå tapt for framtida.

            - Som den største friluftslivorganisasjonen i Norge med over 242.000 medlemmer vil vi i langt større grad stille opp som ein dialogpartner for finne ut kva slags vindkraftprosjekt som er gode og dårlige, seier Krohn Devold.

Dokumentaren tok opp korleis regjeringa innførte grøne sertifikater, ei ordning som gjer at vanlege straumkundar subsidierar utbygginga av vindkraft og småkraft i Norge. Samstundes er den kritisk til om vindkraftutbygginga som no går føre seg over heile Norge eigentleg gir eit betre klima i verda. 

Verdifull norsk natur

Den Norske Turistforening har sidan 1868 arbeida aktivt for å verne viktig norsk natur og gjere naturopplevingar tilgjengeleg for alle.  Organisasjonen var ein pådrivar då Norge fekk sin fyrste nasjonalpark for 50 år sidan. Kampen for å verne natur er framleis ei viktig oppgåve for å sikre flotte naturopplevingar for framtidige generasjonar. Urørt natur er ei global mangelvare. Norge har eit heilt særskild ansvar for å ta vare på den eineståande kyst- og fjordnaturen.

              - Verda endrar seg raskt. Desto viktigare er det å ta vare på den unike naturen som er igjen. Med stadig fleire inaktive menneske og større folkehelseutfordringar blir tilgongen til natur og friluftsområder avgjerande for folk flest, seier Kristin Krohn Devold. 

  • Tidlegare statssekretær i Miljøverndepartementet Heidi Sørensen (SV): - Vedtaket var ikkje grundig nok utgreia, vi tok feil.

Kjempar for kyst

Vestlandsforeningane i DNT gjekk i fjor saman for å arbeide mot dei nedbyggingsprosjekta som no er til handsaming hjå styresmaktene. . DNT Vest er  Stavanger Turistforening, Haugesund Turistforening, Bergen Turlag, Voss Utferdslag, Sogn og Fjordane Turlag og Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Saman har dei over 65.000 medlemmer som aktivt nyttar naturen som i desse dagar blir industrialisert. Til tross for dette opplever DNT Vest at dei har liten gjennomslagskraft inn mot styresmaktene.

Dei har tre ønskjer for å unngå at Norge for alltid mistar naturen som vi er så glad i.

1) At arbeidet med vern av unike kyst- og fjordlandskapsverdiar vert satt på Miljøverndepartementes dagsorden omgåande. Vi har tidlegare hatt vern av viktige fjellområder, men kyst- og fjordlandskapet har ikkje fått ein tilsvarande grundig gjennomgong av fagmyndigheitene. 

2) At Miljøverndepartementet utarbeidar ein rapport som svarer på dei kritiske spørsmåla som vert stilt i Brennpunkt-dokumentaren, mellom anna om vindkraftutbygginga i Norge vil ha nokon reell klimaeffekt som forsvarer øydeleggingane i naturen.

3) At oppfølginga av innstillinga til Energi og miljøutvalet (2012:9) reflekterer den kritikken som vert reist, slik at norsk natur ikkje vert øydelagd til inga nytte. 

Annonse