Slik søv du ei #nattinaturen

Stig Øystein Schmidt har sove ute ei vinternatt før. Her viser han deg korleis du kan ta steget og gjera det.

Ei overnatting i minusgrader og snø, treng ikkje vera oppskrifta på forfrysing og søvnlause. Ikkje dersom du veit kva du treng kle deg i - og ha med deg. Her er oppskrifta på korleis natta ute vert trygg, behageleg og ei stor naturoppleving å ta med seg vidare.

NB: Tipsa er skrive med utgangspunkt i ei overnatting i nærområdet. Skal du bu på høgfjellet og over lenger tid, må du ta høgde for å pakka med deg meir - og anna utstyr.

Stig Øystein Schmidt har sove ute mellom 30 og 40 netter på vinterstid. Både i telt, snøhole og under åpen himmel.

- Det eg likar best med å sova ute om vinteren, er å legga seg med ein krystallklar stjernehimmel med bålet putrande attmed meg, og å vakne opp til rein fjelluft, og kjenne at ein verkeleg er i naturen! fortel Stig Øystein.

Kva med dei som er litt skeptiske, og som kvir seg for å ta ein natt ute midt på vinteren?

- Eg trur ein får mykje igjen for å prøve det. Har du førebudd deg og kledd deg godt, trur eg dei fleste vil bli overraska over kva for ei naturoppleving ei natt ute er.

Generelle råd om klesval på vinterstid

Ull er gull
Frys du, vert både natta og opplevinga fort øydelagd. Fyrste bod når ein skal sova ute, er å kle seg rett. Lag på lagme dull er tingen. Eitt lag med undertøy, eitt eller fleire mellomplagg og eitt ytterplagg. Unngå bomull. Det isolerar dårleg, og då vert du fort kald.

Det innerste plagget

bør vera av ull og sitja tett inntil kroppen. Ull absorberer fuktigheit utan at plagget virkar vått, samtidig som det beheld varmeisoleringa. Hua og vottar er obligatorisk.

Mellomlaget

skal isolera. Det kan vera ein gensar eller ei jakke i ull eller fleece. Ull held godt på varmen. Fleece-materiala har både isolerande og gode fuktigheitsledande eigenskapar og tørkar raskt.

Ytterst

Jakka skal vera vindtett og sleppa ut overflødig varme og fuktigheit.

Ved leggetid

Øverst

Hua bør vera av tettstrikka ull, ullblanding eller vera vindtett. Vottar varmar betre enn hanskar, sidan fingrane varmar kvarandre. Ein hals eller eit skjerf  lunar godt når ein har lagt seg i posen for natta.

Nederst

Føtene er ekstra utsett for nedkjøling, og det viktigaste er å halda dei tørre. Bruk sokkar av ull eller andre material som isolerar og transporterar fuktigheita vekk frå foten.

Underst

Liggeunderlaget er kanskje det aller viktigaste du har med deg for ei natt ute. Eit godt, isolerande lag mellom deg og bakken, er avgjerande for ei god oppleving. Eit oppblåsbart underlag er å føretrekkja. Det bør vera minst 5 cm tjukt. Vanlege luftmadrasser har alt for dårleg isolasjon, difor bør du velja eit med anten dun, fiber eller skum. Alternativet er ei fastskum-matte. Den bør vera minst 1,5 cm tjukk. Det aller beste er ein kombinasjon av ei fastskum-matte og eit oppblåsbart underlag.

Soveposen

må tola ein god del minusgarder. Har du ikkje vinterpose, kan du bruka to sommarposar i staden. Du kan òg stiga inn i silkelakenposen før du legg deg i soveposen, det gjev deg 5 grader ekstra å gå på.

Hovudlykt

er praktisk. Stjernene vil forhåpentligvis lysa på deg, men skal du sjå godt, treng du litt ekstra hjelp.

Triks:

* Fyr opp eit bål. Ikkje berre gjev det deg varme og lys, det set òg ein ekstra spiss på opplevinga.

Pass soveposen for gnistar frå bålet.

* Ikkje legg deg kald. Gå heller ein tur, leik med borna, eller ta ti harehopp før du kryp i posen.

* Ha oversikt over kvar tinga dine er når du legg deg. Det er mørkt og uoversiktleg dersom du vaknar på natta og må leita etter hovudlykta, eller termosen med vatn.
* Det kan vera lurt å leggja litt klede i soveposen. På den måten er ikkje det du skal ha på deg stivfrossent når du skal ta fatt på neste dag.

* Alt anna bør du pakka ned i sekken. Ligg det laust ute, kan det i verste fall snø ned.

Selskap varmar

Dersom du ikkje ynskjer ei natt heilt åleine, anbefalar me å invitera med ein turkompis eller to. Selskap til skogs er veldig hyggeleg, anten du er mørkredd eller ikkje. Og for ikkje å gløyma, selskap gjev varme. Legg ein seg tett, får ein varme heilt gratis.

Dersom du har det me har ramsa opp, er det ingen grunn til å ikkje ta ei natt under stjernene. Me garanterer deg ei eksotisk oppleving du kjem til å sjå tilbake på med eit smil!

Stig Øystein Schmidt tørrtrenar før #nattinaturen 13.-14. januar.
Stig Øystein Schmidt tørrtrenar før #nattinaturen 13.-14. januar. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

#nattinaturen

* 13.januar 2015 er offisiell åpning av Friluftslivets år.

* Døgnet frå 13.-14. januar vert fullspekka av ute-aktivitetar over heile landet.

* Natt til 14. januar inviterer me deg til å bli med og sova ute.

*Les meir her: friluftslivetsar.no

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 17. desember 2014