Årets seigaste Vinjerockar er kåra

Renè Stene har tilbakelagt 250 kilometer til fots. Det vann han pris for.
Renè Stene har tilbakelagt 250 kilometer til fots. Det vann han pris for. Foto: Privat

250 kilometer i fjellstøvlar sikra Renè Stene Gnagsårprisen. Og festivaldeltakaren med mest flaks inviterte til skrapebonanza.


Han starta frå Åndalsnes og etter 25o kilometer trakka han inn til Fondsbu. På vegen vart heile 20 hytter besøkt.  32 år gamle Renè Stene frå Son vart soleklar vinnar av årets Gnagsårpris.

Staseleg utmerking

Gnagsårprisen har vore ein del av Vinjerock sidan 2007 og vert gjeve til den eller dei som, på veg til Vinjerock, har gått lengst - og vore innom flest DNT-hytter på vegen. Prisen er ein av dei gjevaste ein kan ta med seg heim frå festivalen, og den vert delt ut kvart år av DNT ung. Leiar Stig Øystein Schmidt er imponert: 

- Det er rett og slett rått. Renè har vore på tur i fleire veker og besøkt imponerande mange hytter. Eg bøyer meg i støvet!

I tillegg til at Renè kan smykka seg med hardhaus- tittelen, får han med seg både telt fra Bergans, fjellsko frå Alfa sko og billettar til neste års Vinjerock i premie.

Ein verdig vinnar 

Det heiter ikkje gnagsårpris for ingenting. Dei siste tre dagane på turen, sleit han med vonde sår på føtene. Han endte opp med eit besøk til legen i festivalcampen og behandling for infeksjon.

- Det viste seg at det var tøft for beina med så lange etappar, og dei siste dagane var det ikkje godt å gå.

Ei anna utfordring var vèret:

- Det har stort sett vore fire årstider kvar einaste dag. Regn, sol og snø. Det var litt nedtur å besøka Fannaråken og kun ha skodde. Det vart dårleg med utsikt.

Ikkje ferdig med fjellet for i sommar

Renè starta på turen tidleg i juli, og bruker av ferien sin på å vandra i fjellet. Åndalsnes var eit naturleg startpunkt både på grunn av at toget går dit, i tillegg til at han ville oppleva Tafjordfjella.

- Det var eit fantastisk område. Eg er van til å gå åleine, og har gjort det no òg. Fordelen med det er at ein kan bestemma ruteval og tempo sjølv. Det er utruleg flott å oppleva fjellet på denne måten, og å utfordra seg sjølv. Dessuten møter ein masse kjekke folk undervegs, så det heile vert veldig hyggeleg, rett og slett! 

Resten av ferien skal Renè bruka med fiskestang på Hardangervidda:

- Det flate terrenget er perfekt rekreasjon for føtene mine, seier Renè med eit smil.

 Sara Waagen var heldig tilfeldig utvald vinnar av ein sekk frå Bergans for å ha gått frå hytte til hytte fram til Vinjerock.

Vill jubel i regnet for 100 flaxlodd!
Vill jubel i regnet for 100 flaxlodd! Foto: Marius Dalseg

Skrapebonanza i teltleiren

DNT ung arrangerer òg Festival-Flax kvart år i samarbeid med Norsk Tipping. I år var det  Sverre Johan Nilssen som vann hovudpremien på 100 Flaxlodd. I tillegg vann Per Erik Bjørkstad og Ingrid Kalhagen kvar sin sekk frå Bergans. Sverre Nilssen inviterte alle venene sine til skrapedugnad i teltcampen. 

- Fetteren min skrapa på seg ei blånegl undervegs, fortel Sverre dagen derpå medan han er i full gang med å rigga ned festivalcampen.

Men kor heldig vart han? Av 100 lodd enda han opp med ein pengepremie på 1350 kroner.

- Dei går til å kjøpa 53 nye lodd, fortel Sverre. Eg har nok fått skrapesjuke!

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 24. juli 2016