Naturen vert rasert utan ein plan

Foto: Marius Dalseg Sætre

- Regjeringa sine planar om ei storstilt vindkraftutbyggjing vil rasera naturen. DNT krev stans i alle konsesjonar til ein har utarbeida ein heilheitleg landskapsstrategi, seier styreleiar Berit Kjøll.

Storstilt satsing på vindkraft

Regjeringa vil satsa meir på vindkraft. For å få fart i utbygginga, vil dei i det komande statsbudsjettet gje skattelette. Målet til regjeringa er at Norge skal bli like gode på vindkraft som det  svenskane er, skriv NRK på sine nettsider.  Det åtvarar styreleiar i DNT Berit Kjøll sterkt mot:

- I  kampen for å redda klimaet må me ikkje ofra naturen. Endringane i landskapet vårt skjer raskare enn nokon gong. Den Norske Turistforening krev stans i alle konsesjonar til ein har utarbeida ein heilheitleg landskapsstrategi. Me må ikkje repetera dei same feila som under vasskraftutbygginga på 70-talet.

Ingen kontroll

For 13 år sidan signerte Noreg Den europeiske landskapskonvensjonen. Med det forplikta me oss til å verna, forvalta og å planlegga det totale landskapet når det gjeld vindmøller og utbygging. Men Norge har aldri fylgd opp det dei skreiv under på, og nokon kartlegging finst så langt ikkje. 

- Utan ein overordna plan vil ingen ha kontroll over korleis det totale biletet for naturen vil sjå ut i framtida. Me risikerer difor å rasera noko av den vakraste kystlinja og naturen som finst i verda. Norge er nøydd til å få på plass ein nasjonal landskapsstrategi som gjev ein oversikt over naturen vår og som hindrar at me mistar uerstattelege område, seier Kjøll.

- Landskapsstrategi må på plass no

- Det er på tide at regjeringa gjennomfører det me forplikta oss til i 2001. Me oppfordrer regjeringa til å utvikla ein nasjonal landskapsstrategi og at den vert innarbeidd i all relevant politikk.

Med ein god oversikt over landskapet vårt kan me saman finna gode løysingar på korleis framtida sitt landskap skal sjå ut. Dei aller beste løysingane får me når me plasserer vindkraftanlegga der dei er best egina, samtidig som me tek godt vare på naturen, utdjupar Berit Kjøll.

Klikk her for å skrive tekst.

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 6. oktober 2014