Denne hytta skal stå støtt i stormen

På 1400 meter, reiser det seg eit praktbygg av dei sjeldne. Høgevarde vert bygd for å tola ekstreme forhold.

Måndag 18. april hadde snikkarane sin fyrste arbeidsdag i høgfjellet på Norefjell. Bygginga av nye Høgevarde, plassert ved foten av fjellet med same namn, er ingen daglegdags prosess. DNT Drammen og Omegn får brynt seg ved å byggja i eit område som er berykta for vèret: 

-  Det er vanlegvis fleire orkanar her i løpet av året. Det er ikkje uvanleg at det dirrar i taklampa inne i hytta når det bles som verst, fortel Johan Fegri i DNT Drammen og Omegn.

Viktig utviding av rutenettet

Nye Høgevarde kjem i eit område der det tradisjonelt har vore mykje utfart. Den fyrste Høgevarde-hytta vart bygd i stein i 1893, og står framleis, som del av den noverande sjølvbetjente hytta. Med 123 år er hytta ei av dei eldste bygga i DNT-systemet.

Kvart år tek Høgevarde mot nærare 25 000 besøkjande. DNT Drammen og Omegn, som driv og eig hytta, trur dei med nybygget og planlagd utbetring av den gamle Høgevarde, vil ha potensiale til å ta i mot dobbelt så mange:

- Norefjell er et sentrumsnært fjellområde, med stor hyttebygging. Det gjer området til eit attraktivt helgeturmål. Me har hatt fleire besøkande for kvart år og såg behovet for å utvida kapasiteten, spesielt med tanke på skuleklassar. Nye Høgevarde vil verta eit svært viktig tilskot til friluftslivet på Østlandet og for DNT generelt, seier Johan Fegri.

I eitt med naturen

Høgevarde anno 2016 vert 170 kvadratmeter stor og får 45 sengeplassar. Idèen bak hytta kjem frå arkitekt Stein Halvorsen. Halvorsen har vunne fleire prisar for arbeidet sitt og er ein pioner innan økologisk tenkning. Så og seia alt hytta er bygd av kan gjenvinnast. Hytta skal kvila på ein stålkonstruksjon èin meter over bakken.

-  Tanken med å gå for pålar og ikkje grunnmur, er at snø og vind skal kunne passera både over, under og på sidene av hytta. Med det er håpet at hytta skal føyka mindre igjen. Den vert bygd i massiv tre fra en lokal leverandør i Hokksund og kledninga er i malmfuru. Soveromma er forma som boksar som «heng» utanfor hytta. Me håpar og trur at besøkande får kjenna på naturkreftene når dei har lagt seg, seier ein engasjert Fegri.

Fyrst den nye, så den gamle

Inkludert i byggeplanane er òg å utbetra den gamle hytta. Den kombinerte stein- og trehytta er svært slitt og har stort behov for oppgradering. Hovudfokuset her vert å utbetra kafèdelen for å kunne tilby servering til den aukande trafikken frå dagsturistar. Arbeid med oppussing vil DNT Drammen og Omegn gå i gang med så snart den nye hytta står ferdig våren 2017.

På dugnad i månadsvis

Ein bygger ikkje ei hytte på ein – to – tre. Det er ein imponerande stor gjeng som er i sving, både med førebuing og i sjølve byggefasen. Dugnadsarbeid er avgjerande for å få det heile til å gå rundt, og der har DNT Drammen og Omegn vore særleg heldige. For arbeidsfolk må ha mat. Og mat, det kan Sissel Øvereng og Berit Drag. 68-åringane har flytta inn på Høgevarde for å sikra rykande fersk mat proppa med næring til sletne arbeidsfolk:

-  Eg sa tidleg frå om at skulle eg jobba her, var posemat heilt uaktuelt å servera. Her vert det god bondekost laga frå botn av, seier Berit med eit smil.  

Kvar morgon, 05.30, står ho opp og slår på aggregatet og lagar til frukost. Arbeidskarane kan såleis spasera ned til det fyrste måltidet for dagen, og jobba effektivt fram mot lunsj. Arbeidsdagen vert avslutta med middag 19.30.  

-  Me er pensjonistar begge to, og synes det er kjekt med ei litt anleis kvardag. Her er me sosiale, me går dagelege turar i området, og så kosar me oss med prat og litt vin på kveldane. Eit fint liv for nokre månader, oppsummerer Sissel.

Følg bygginga minutt for minutt!

Nederst på denne sida du fylgja bygginga. Biletet vert oppdatert kvart femte minutt. 

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 26. april 2016