Mest utilgjengeleg : Tåkeheimen

I Nordland ventar landets mest utilgjengelege hytte på deg.
Det vart ein uvanleg nerverpirrande innspurt då Noregs mest utilgjengelige hytte skulle kårast. Tåkeheimen i Nordland vann knepent med 0,21 prosent fleire stemmer enn Demmevasshytta. Trass at det var uhyre tett mellom 1. og 2. plass, er det Tåkeheimen som med rette kalla seg for Noregs mest utilgjengelige.
- Alle tiders bursdagsgåve
Me er kjempeglade for fyrsteplassen, seier Marit Jenssen i Bodø og Omegns Turistforening. Dette er med på å setja fortjent fokus på hytta vår. Ekstra kjekt er det jo at Tåkeheimen også fyller 20-år i år. Ei alle tiders bursdagsgåve!
Den Norske Turistforening rundar hytte nummer 500 i år. I samarbeid med UT.no, kårer me favoritthytter gjennom heile sommaren. Kvar veke vert seks hytter presentert i ein ny kategori. Det er opp til folket å gå inn på UT.no og stemma fram den hytta dei meiner fortener tittelen "Folkets Favoritthytte." Tidlegare i sommar har mellom anna Noregs mest framtidsretta, den vakraste kysthytte og beste sjekkehytte blitt kåra.
Vid utsikt
Turen til Tåkeheimen er ein av dei flottaste ein kan gå i Nordland. I klarvèr har ein utsikt frå Hamarøy og Lofoten i nord, til Træna og de Sju søstre i sør. I tillegg til å vera eit opent overnattingskvarter, fungerer hytta også som base for dei mange som kjem for bre og fjellsportaktivitetar.