Nordland har Noregs vakraste kysthytte

Guvåghytta er kåra til Noregs vakraste kystytte og ventar på besøk frå deg i sommar!
Guvåghytta er kåra til Noregs vakraste kystytte og ventar på besøk frå deg i sommar! Foto: Bjørn Eide

Guvåghytta i Nordland kan smykka seg med tittelen Noregs vakraste kysthytte. 

Med 41,32 prosent av stemmene kan kysthytta Gugvåghytta i Bø i Vesterålen med rette kalla seg for Noregs vakraste kysthytte. Hytta låg ikkje i tet frå dag ein,  men etter kraftig mobilisering midtvegs i kåringa skjedde det noko. Hytta drog frå dei fem andre nominerte og leia klart fram til stemmene vart talde opp før helga. 

- Me er utruleg glade og stolte over at hytta vår vann. Kåringa stadfestar populariteten hytta har. Vesterålen Turlag har brukt mykje tid på å utvikla og vedlikehalda hytta, og då er det kjempeartig at arbeidet gjev oss ein pris som dette, fortel ein oppglødd leiar i Vesterålen Turlag, Trond Løkke.

Turlagets mest populære

Hytta, som ligg på Oksneset i Bø kommune, vart bygd i 1999 og vart raskt Vesterålen Turlags mest populære hytte. Med robåt og fire kanoar til fritt utlån, klatreveggar rett ved hytta, 15 mål stor eigedom og fleire hundre meter til næraste nabo, innbyr hytta både idyll og aktivitet. Hytta vert mykje brukt av skuleklassar, men det er plass til fleire – spesielt på denne tida. 

- Me har ledig kapastitet i sommar og eg vil oppfordra alle til å ta turen til oss for ta naturen i bruk og for å nyta dei lange sommarenettene ved havet, seier Løkke.

Stem vidare i sommar!

DNT rundar 500  hytter i sommar. I samband med det, har ein uavhengig jury plukkka ut seksti hytter, både private og DNT-eigde og fordelt dei i ti ulike kategoriar. 

Kva veke vert ein ny kategori presentert, samtidig som ei ny hytte vert kåra til vinnar i sin kategori. Over 10000 personer har stemt på kåringane så langt, og fleire avstemmingar vert det. Denne veka skal landets mest framtidsretta hytte kårast. http://artikkel.ut.no/1.11774614

Gå inn på UT.no og stem no!

Lurer du på korleis det gjekk med "di" kysthytte? 
Her er resultata: 

Skongenes fyr  25, 53 %

Sildevika     15, 73 %

Homborsund Fyr  6,89 %

Gjælentunet  6,61 %

Råkeneset  4, 28 %

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 14. juli 2014