Til fots frå Oslo til Vinjerock

Kven er sprekast på festivalen her? Svaret er Marius Slette Johansen som stakk av med Gnagsårprisen 2012, telt, fjellsko, gratisovernattingar på DNT-hytter og ikkje minst festivalpass til Vinjerock 2013.
Kven er sprekast på festivalen her? Svaret er Marius Slette Johansen som stakk av med Gnagsårprisen 2012, telt, fjellsko, gratisovernattingar på DNT-hytter og ikkje minst festivalpass til Vinjerock 2013. Foto: Sindre T. Lønnes

Vinnaren av Gnagsårprisen 2012 er Marius Slette Johansen som gjekk heile vegen frå Oslo til Vinjerock.

Gå innom så mange hytter som mogleg før Vinjerock . Ei enkel oppgåve som i praksis kan vise seg å bli ganske så slitsam. Gnagsårprisen blir kvart år delt ut av DNT ung for å hedre Vinjerocks sprekaste fjellvandrar. Det motiverte Marius Slette Johansen og kameraten Erlend Smines som bestemte seg for å gjere vegen frå Oslo til festival så krevjande som mogleg. I 2010 starta dei  fotturen til Vinjerock, ved å bruke Jotunheimstien som er ei merka rute frå Oslo til Jotunheimen. Sidan det diverre manglar hytter på nokre av strekningane blei sekken tung og gnagsåra lot ikkje venta på seg.

      - Etter Skjellbreidhytta måtte vi bryte turen. Turkameraten min blei sterkt plaga av betennelse i leggen og stygge gnagsår, fortel prisvinnar Marius.

Det var likevel ikkje nok til å ta motet frå Oslogutane som verkeleg ville slite seg fram til Vinjerock. Etter eitt års festivalpause reiste dei tilbake til Skjellbreid der turen så brått hadde slutta forrige gong med nytt pågangsmot. Tirsdag kunne dei endeleg slå opp teltet i Vinjerock- campen. På Gnagsårpasset til Marius var det då 15 hytter og ni av dei var han innom i år.

Inspirerande prisvinnar
Leiar i DNT ung, Karoline Burdahl Teien, er imponert over innsatsen til Marius.

     - Dei viser stor viljestyrke då dei held på målet dei satte seg i 2010. Det er kanskje ikkje alle som veit at det faktisk finnes ein merka sti heilt frå Oslo til Jotunheimen, seier Teien. 

DNT ung-leiaren trekk fram at det er ein orginal vinnar som inspirerer andre ved å ikkje velje den mest opptråkka stien. Og vinnaren Marius reiser ikkje tomhendt tilbake til Oslo. Premien er nemleg nye Alfa fjellsko, Bergans telt, gratis overnattingar på DNT- hytter og ikkje minst to festivalpass til Vinjerock 2013.

I tillegg til Gnagsårprisen delte DNT ung ut 7-Tindeprisen for fyrste gongen. Den går til ein person som i løpet av festivalen har gått på ein av dei sju fjelltoppane som ligg rundt Eidsbugarden. Vinnaren i 2012 blei Helene Bjertnes som er så heldig å ha sikra seg billettar til neste års Vinjerock.

Lang veg til festival
Vegen fram til Vinjerock skildrar Marius på realistisk vis som lange etappar med både mygg og myr. Jotunheimstien strekkjer seg frå Oslo sentrum, gjennom Marka, over fjellet og heilt til Gjendesheim i Jotunheimen. Herfrå gjekk Marius vidare til Gjendebu før han endeleg var framme ved Eidsbugarden. På den same stien gjekk Henrik Wergeland 180 år tidligare og landskapet er blitt internasjonal kjend gjennom kunstnerar som Henrik Ibsen og Hans Gude.

Eit av høgdepunkta som Marius trekk fram var å kome opp til Sikkeldalshøa i Huldreheimen. Herfra kunne dei sjå utover staselege Jotunheimen og vite at målet snart var nådd.  Men samstundes nytta Marius S. Johansen høve til å snu seg. Då han såg utover dalførene han hadde  bak seg blei han stolt over turen han hadde gått.

     - I løpet av desse dagane og vekene har eg lært å sjå meg tilbake.  Eg trur det er viktig å kunne stoppe opp og tenke på dagane og motbakkane som vi kom oss gjennom, til tross for dårleg ver eller andre utfrodringar.

Toppen av Sikkeldalshøa var nettopp ein slik stopp. Der kjente Marius på stoltheita og gleda over å snart vere framme på Vinjerock.

God på gnagsår
Gnagsårprisvinnaren har sjølvsagt  god erfaring med sår, blemmer, ømme helar og sure bein. Dei to kameratane lært leksa si i 2010 og etappa i år blei gjennomført utan for mykje smerte. Marius røper gjerne nokon gode tips til ivrige festivaldeltakerar som higrar etter Gnagsårprisen 2013.

- Bruk eitt par tynne ullsokkar innerst og tjukke utanpå. På kvar einaste stopp og anledning bør føttene få seg ein luftepause. Av med alt av sokkar og ta sålane ut av skoa så det får ein sjanse til å tørke seg litt. For hugs: Tørre føtter er lukkelege føtter, seier Gnagsår-prisvinnaren og smiler lurt.

Lukkelege vinnarar av flotte premiar og festivalpass til Vinjerock 2013. Frå venstre: 7-tindeprisvinnar Helene Bjertnes, DNT ung leiar Karoline B. Teien og Gnagsårprisvinnar Marius Slette Johansen.
Lukkelege vinnarar av flotte premiar og festivalpass til Vinjerock 2013. Frå venstre: 7-tindeprisvinnar Helene Bjertnes, DNT ung leiar Karoline B. Teien og Gnagsårprisvinnar Marius Slette Johansen. Foto: Sindre T. Lønnes

Annonse