Kjøp Vinjerock-billett før alle andre

Ja, ein vert i særs godt humør av å vera på Vinjerock. Har du vore der èin gong, vil du garantert attende!
Ja, ein vert i særs godt humør av å vera på Vinjerock. Har du vore der èin gong, vil du garantert attende! Foto: Marius Dalseg Sætre

Er du av dei som kvart år stressar med å få tak i billett til Vinjerock? No kan du sikra deg pass før alle andre. 

Vinjerock er ein av dei mest populære festivalane i Noreg. Når billettane vert lagt ut i starten av desember, er det snakk om minutt før alle er rivne vekk. No har du, som DNT-medlem, ein unik sjanse til å sikra deg billett

før

salet for alvor tek til. 

Eksklusivt førsal til DNT-medlem

Tidelgare har alle billettane til Vinjerock blitt lagt ut for sal samme dag, både for DNT-medlem og for andre. I år endrar det seg - til stor glede for oss som er medlem av DNT. Tysdag 1. desember klokka 12.00, tre dagar før det ordinære billettsalet tek til, legg Vinjerock ut eit avgrensa tal billettar du som er DNT-medlem kan sikra deg på www.billettservice.no 

Du treng:  

* Medlemsnummeret ditt 

Har du ikkje kortet ditt eller DNT-appen, finn du det ved å:

- logga deg inn på dnt.no/minside

- senda SMS

-kontakta vår medlemsservice. (MERK: medlemsservice har ikkje ope i helga.)

Meld deg inn no! (og innan søndag) 

Om du ikkje alt er medlem, men vil sikra deg ei ekstra moglegheit til å få fatt i billett, er det lett å melda seg inn i DNT før tysdag.

Det gjer du her: dnt.no/medlem Å  melda seg inn på nett er enkelt. Medlemsnummeret vert sendt deg på mail like etter at du har betalt og meldt deg inn.For å sikra at alt går i orden med betaling og at du vert registrert som medlem før tysdag, tilrår me deg å melda deg inn seinast søndag 29. november. 

Eit siste tips: 

Det vert kun lagt ut eit avgrensa tal billettar på tysdag, så vèr rask om dette er noko du har lyst til å føra opp i kalenderen for 2016. 

Me sjåast over tregrensa 21.-24. juli!

Så herleg kan neste sommar bli.
Så herleg kan neste sommar bli. Foto: Marius Dalseg Sætre

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 25. november 2015