Dei beste tipsa til haustturen

DNT ung -leiar Stig Øystein Scmidt  på Fivelstadnibba i Norangsdalen.
DNT ung -leiar Stig Øystein Scmidt på Fivelstadnibba i Norangsdalen. Foto: Marius Beck Dahle

Sterke fargar, frisk luft og melisdryss på toppane. Her er DNT ung sine beste tips fjellturen i haust.

For leiaren av DNT ung, Stig Øystein Schmidt, er turen til fjells høgdepunktet i eit hektisk studentliv.

- Haustfjellet gjev deg kombinasjonen sosialisering, avkobling, trening og eit fargesprakande terreng. På denne tida går ein litt i «dvale», og det er utruleg avslappande å vera i område utan dekning, for då vert meir tid til prat - eller å ikkje gjera noko anna enn å sjå ut hytteglaset, fortel Schmidt.

Strøymer til fjellet

Dei siste ti åra har medlemsmassen til DNT ung dobla seg. Over 33 000 unge mellom 13 og 26 er medlem av Noreg sin største friluftsorganisasjon for ungdom.  

- Stadig fleire får augene opp for kor bra friluftsliv er, og kor mange mogelegheiter som finst. Og ikkje minst kor kjekt det er å gå saman med folk på eigen alder. I DNT ung er det tusenvis turglade ungdommar i foreiningar over heile landet ein kan treffa for nærturar eller lengre hytte-til hytte turar, seier Stig Øystein Schmidt.

Her er DNT ung sine beste tips til haustturen:

· Planlegg godt i forkant. Kva er målet, kven handlar inn mat, kven tek med med spel, har nokon i venegjengen gått turen før eller skal ein utvald ta ansvar for orienteringa?

· Underholdning og kos er viktig. Kva med å laga ein quiz? Syt òg for nok mat og sjokolade, ein vert ekstra svolten av den friske fjell-lufta!

·  Bu fast på ei hytte og gå dagsturar. Det fins mange ubetjente og sjølvbetjente hytter som er lite besøkt, og då kan ein fort få luksusen av å ha den heilt for seg sjølv. Vel mellom hundrevis av hytter på www.ut.no

·  På hausten kan forholda i fjellet fort bli vinterlege. Det er ikkje uvanleg med snø frå 1000-1200 meter. Difor er det viktig å ha med nok varmt skift. Sjekk vår pakkeliste på turistforeningen.no. http://www.turistforeningen.no/pakkeliste/

Drøymeforhold over Knudshøe i Jotunheimen.
Drøymeforhold over Knudshøe i Jotunheimen. Foto: Sindre Thoresen Lønnes
Foto: Marius Dalseg Sætre
- Haustfjellet gjev deg kombinasjonen sosialisering, avkobling, trening og eit fargesprakande terreng Stig Øystein Schmidt, leiar i DNT ung

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 7. oktober 2015