Opnar historisk vandrerute gjennom Viglesdalen

På historiske stier i Viglesdalen i Ryfylkeheiene.
På historiske stier i Viglesdalen i Ryfylkeheiene. Foto: John Petter Nordbø

Dei første føtene trakka på stien for 9000 år sidan. Torsdag 17. september blir «Driftavegen gjennom Viglesdalen» opna som historisk vandrerute. 

- Her har det vandra folk gjennom generasjonar. Å tenkje på det gjev perspektiv. Turen vert endå rikare når ein lærer meir om korleis landskapet ein går gjennom har blitt brukt av dei som var her før oss, sier styreleder i DNT, Per Hanasand som er med på opninga.  

Ruta er i Hjelmeland kommune og strekk seg 24 kilometer frå Nes i Årdal til Nilsebu lengre aust. Undervegs går ein forbi tre av Stavanger Turistforening sine hytter: Viglesdalen, Stakken og Nilsebu. 

- Dette er ein flott tur gjennom noko av Ryfylke sitt aller flottaste fjellterreng. No får turen ein heilt anna dimensjon med ny og betre informasjon om alle dei interessante tinga ein ser på vegen, seier dagleg leiar Preben Falck i Stavanger Turistforening. 

Fornminne er kartlagt langs ruta, og det er gjort ei rekkje interessante funn. Med etableringa av den historiske vandreruta blir den spennande historia i området meir tilgjengeleg for folk gjennom informasjonsplakatar langs stien og på hyttene.  

- I dag ligg Viglesdalen som ein naturskjønn og avsides fjellidyll, men tidlegare har garden vore eit knutepunkt for handel og ferdsel over fjellet. I vikingtida og tidleg mellomalder produserte jernvinna i Setesdal store mengder jern som vart frakta langs handelsrutene over fjellet. Dette må ha gjort Viglesdalen til ein rik og mektig gard, og spor etter fleire langhus og nausttufter vitnar om at folk har budd her i lang tid, seier arkeolog Jennica Svenson frå Rogaland fylkeskommune. 

Driftavegen i Viglesdalen - Historisk vandrerute
Driftavegen i Viglesdalen - Historisk vandrerute Foto: Stavanger turistforening

To nye ruter  

Historiske vandreruter er et samarbeid mellom DNT og Riksantikvaren som skal bidra til at gamle ferdselsårer blir kjent for sin unike kulturarv og får nytt liv som attraktive turruter. I dag finst det 13 Historiske vandreruter, to av dei er nye i 2020. I tillegg til Driftavegen i Viglesdalen opna Hallingskeidvegen i august. 

- Historiske vandreruter gjev deg flotte friluftsopplevingar i kombinasjon med spennande kulturarv. Det veit me mange er interesserte i! Rutene bidreg til at ferdselsminna framleis er synlege og at ein også i framtida kan oppleva den unike kulturarven knytt til dei, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Felles for alle rutene er at de skal gje inntrykk som gjer turopplevelsen meir verdifull. Forteljingar om kulturminne og historie knytt til rutene vert formidla med skilting og merking til turgåere undervegs. Like viktig er satsinga på digital formidling: dei som ikke kan gå turen skal kunne lesa om den spanande historien og oppdage kulturminner langs rutene.  

På www.historiskevandreruter.no kan du planlegga turen og finna lenkjer til spennende historie.  

Annonse

Skrevet av Ingvild Lundberg Bakke 17. september 2020