Sogn og Fjordane satsar på ungdom

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell fekk prøve seg på kajakkpadling, som er eit av tilboda ungdom i Sogn og Fjordane kan nytta seg av.
Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell fekk prøve seg på kajakkpadling, som er eit av tilboda ungdom i Sogn og Fjordane kan nytta seg av. Foto: Ronja Øygard

Sogn og Fjordane turlag har fått 500.000 årleg i tre år av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Pengene skal gå til å utvikle friluftslivtilbod til barn og unge. 

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell var tilstades på offentleggjeringa av avtalen og fekk ein kort padletur ved Førde sentrum saman med ungdom frå Sogn og Fjordane Turlag. Miljøvernministeren var begeistra for samarbeidet mellom fylkeskommunen og SFT, og gav ros til SFT sitt initiativ om å bruke desse pengane på å styrke aktivitetstilbodet for barn og unge.



-   Eg håpar at denne avtalen kan vere ein føregangsmodell for resten av landet, og at aktivisering av barn og unge blir høgt prioritert i tida framover.  Varierte aktivitetar og eit godt synleg tilbod er viktig for å treffe barn og unge,  og ei nyoppretta stillinga som desse midlene vi dekke vil kunne bidra til akkurat dette, seier Bård Vegar Solhjell.

Statsråden fekk også eit innblikk i kva tilbod lokallaga i fylket allereie har, og kor viktig arbeidet som blir gjort på lokalnivå. Kajakkpadling er eit godt døme  på lågterskelaktivitetar, då dette gir både meistringsfølelse og flotte naturopplevingar. Ministeren fekk sjølv teste ut padling, og fann raskt ut at dette er noko som gav meirsmak.

- Det er mange som ønskjer å bruke naturen, og då er det viktig at turlaget legg til rette for at barn og unge kan komme seg ut på tur, seier Solhjell.

Flest ungdomsmedlemmer
Sog og Fjordane turlag ser på denne avtalen som ein honnør til arbeidet som så langt er lagt ned. Sogn og Fjordane turlag er den DNT foreininga med flest andel medlem under 26 år. Dei trur at denne avtalen vil føre til at enno fleire barn og unge vil oppdage det flotte aktivitetstilbodet som lokallaga i Sogn og Fjordane tilbyr.
-    Stillinga vil på ein heilt ny måte få fleire unge ut på topptur, i kajakk, og på bre- og klatretur. Me vil òg auke fokuset på kursing av ungdom, og ønskjer å utdanne fleire ungdommar til å bli trygge turleiarar og tillitspersonar, fortel Marino Ask, styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag

Av: Stig Øystein Schmidt

Annonse