Dugnadsrekord i fjellet

Aldri før har dugnadsinnsatsen i Den Norske Turistforening vore større. I dag opnar alle DNT sine hytter for ein ny sommarsesong.

- Me har hatt ein solid auke i den frivillige arbeidsinnsatsen i løpet av det siste året, og våre medlem står no for 502 872 dugnadstimar, som tilsvarer 280 årsverk. Det er ein auke på 100 000 timar på fem år, seier Kristin Krohn Devold, generalsekretær i Den Norske Turistforening.

Kristin Krohn Devold er i dag på Skogadalsbøen Turisthytte i Jotunheimen, som er med på den offisielle sommaropninga av hyttene i fjellet. Ho oppfordrar alle til å starte sommarferien med ein tur på fjellet, og gjerne ta turen innom sommaropninga på ei av DNT sine hytter. Ho trekk fram soloppgangstur til Besseggen og fjelldans på Gjendebu turisthytte som nokon av dei arrangementa ein kan delta på.

-490 hytter er no klare for innrykk. Me ønskjer alle velkomne til ein herleg sommar i dei norske fjella, seier Krohn Devold

Ung dugnadsarbeidar
Skogadalsbøen ligg på 833 m.o.h i Luster kommune, midt i Jotunheimen. Hytta ligg i Utladalen ved foten av Gjertvasstind og Fanaråken og når den er betjent har den 87 sengeplassar. Her skal ein feire sesongopninga med foredrag om hytta sin 125 år lange historie ved Hans H. Thyri, trerettars middag, jubileumsquiz og bålkos på tunet. Med på markeringa er Stig Øystein Schmidt på 18 år som er nestleiar i DNT ung. Kvar måned arbeidar han 15 timar frivillig arbeid for DNT.

-I tillegg til arbeidet eg gjer for DNT sentralt, har eg òg ansvaret for kajakknaustet i Luster, samt planlegging og gjennomføring av turar for ungdom. Eg likar godt å vere på tur sjølv, og difor brukar eg gjerne litt tid på at andre kan få oppleva den same turgleda, fortel Schmidt.

Vanleg dugnadsarbeid i DNT er merking av stiar, brulegging, vedlikehald og vask av hytter.

Sommeropning på Skogadalsbøen
Sjølv om den offisielle opninga av fjellet er 29.juni, har vertskapet på Skogadalsbøen allereie vore to veker på hytta for å gjere alt klart til gjestene kjem. Resepsjonen er blitt pussa opp, heile hytta har fått vask innvendig og utanfor har det kome ein ny platting og bord.

- Skogadalsbøen ligg grønt og vakkert til med ein heilt unik utsikt over Utladalen. Her kjem det mange som vil oppleve naturen utan forstyrrelsar frå mobil eller bilvei. Vi ynskjer både barnefamiliar, unge og vaksne velkomne til å ta turen til oss i sommar, fortel vertskap Marit Høgheim medan ho tek ferske kanelsnurrar utav omnen. 

Bollene står klare til sultne fjellfolket som kjem inn dørene etter fleire timar på fottur inn til hytta.

- Sidan det er Sommaropning i dag vil vi gjerne gjere litt ekstra stas på gjestene, smiler Marit.

Vertskap Marit Høgheim og Olav Kjell Moen gler seg til ein ny sommarsesong på Skogadalsbøen. I tillegg til vanleg drift i sommar skal dei arrangere Sognefest med trubadur for lokalfolket 16.- 18. august og Singeltreff 11.-14. juli .

Bryllupsreise i Jotunheimen
På Skogadalsbøen er Sina Blix og Joakim Prestmo Blix snart klare til avreise. Dei gifta seg for ei veke sidan og har dei siste tre dagane vore på bryllupsreise gjennom Jotunheimen.

- Det har vore veldig fint å vere på bryllupsreise her på Skogadalsbøen. Etter fleire veker med planlegging og så bryllupsfest er det godt å kome opp til fjells. Her er det stille og roleg, og vi får lade opp batteria saman, seier Sina Blix.

Det nygifta paret går vidare til Fondsbu i dag, der ein markerer Sommaropninga med fireretters gourmetmiddag og fjellfest utover natta.

Kristin Krohn Devold, generalsekretær i DNT.
Kristin Krohn Devold, generalsekretær i DNT. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Annonse