Klar ferdig, uteleik!

Robotleik eller nærgøymsel? Her er tips til uteaktivitet som funkar både med og utan snø. 

Kjenn treet
Finn ein skog med ulike tre og gå saman to og to. Den som går fyrst har bind for augene eller lukker dei. Føraren må gå roleg og halda godt i den "blinde" slik at han eller ho føler seg trygg. Før den som ikkje ser bort til eit tre i nærheita og be han om å gjera seg kjend med det. Korleis er barken, tjukkelsen på stammen, blada, greinene? Når den blinde føler at han har kjent nok, leier den andre han tilbake til utgangspunktet og snurrer han rundt nokre gonger. Den blinde kan opne augene. No er utfordringa å prøva å finna igjen det treet som han kjente på i blinde. Bytt rollar.

Nærgøymsel
Ein står og tel til 50, dei andre gøymer seg. Når den som står har tald ferdig byrjar å han å leite, men han eller ho har berre lov til å snu seg rundt 360 grader frå der han/ho står. Underveis ropar personen til dømes: «Eg ser Maren som står bak treet! Eg ser Even bak maurtua!» osv. Når den som står ikkje ser flere frå sin ståstad, roper han «fritt fram!». Vinnaren er den som har klart å gøyma seg tettast på den som står, utan å bli sett.

Robotleiken
Gå i ei gruppe på tre. To er robotar, ein er robotførar. Robotføreren si oppgåve og mål med leiken er å styra dei to robotane slik at dei til slutt møtes ansikt til ansikt. Robotane stiller seg opp rygg mot rygg. Dei byrjar å gå ved at robotføraren gir dei eit lite klapp på hovudet. Robotane går roleg og taktfast i stiv robotgange frå kvarandre i kvar sin retning. Om robotføraren klappar deg på høgre skulder skal du vri deg 90 grader til høgre. Ein klapp på di venstre skulder betyr at du skal vri deg 90 grader til venstre. Om roboten treff på eit tre eller ei anna hindring, vert den stående på staden til føreren gir nytt signal om retningsendring på skuldra. Avslutning: Dei to robotane finn tilbake til kvarandre og møtes ansikt til ansikt. For å gjera dette endå vanskelegare, kan du prøva med augene att.

Kims leik
Legg ti ting frå naturen eller noko du har med deg i sekken ut på eit oversiktleg underlag. Borna får sjå på tinga i til dømes 1 minutt, før dei snur seg vekk medan ein av tinga vert fjerna. Oppgåva vert å finna ut kva ting som er fjerna. Er borna små bør du velja færre ting. For variasjon kan ein la borna sjå på tinga i 1 minutt før ein dekkjer til alt, og så er oppgåva å prøva å hugsa flest mogeleg av dei.

Følg tauet

Du treng eit langt tau, ca. 20 meter, som du trekkjer mellom fleire tre. Borna skal følga tauet i blinde heile veien, utan å sleppe taket. Vanskegrad kan endrast frå flatt terreng til meir kupert, og ein kan variera opplevingar med å gå gjennom område med berre store tre til områder med buskar og småtre. Du kan òg henga opp ulike ting på tauet, som borna skal prøva å hugsa heilt til dei er i mål. Bruk t.d. klesklyper til å henga opp ting med. Du kan bruka ting som de har med ut, for eksempel huer, vottar, solbriller, sitteunderlag osv.

Leit etter liv! 

Har du tenkt på kor mange dyr som kravlar og kryp under beina dine, i trea du går forbi eller som flyg over hovudet ditt? Dei fleste av oss har spesielt god tid no. Bruk den på å gå på insektjakt! Sjå etter biller, mark eller edderkopp. Ha med mobiltelefon, leit opp det du trur det er og lær noko nytt! Lag ditt eige skjema utfrå kva du finn, og lag deg turbingo til neste gong. Lytt. Kor mange ulike typar fuglesong høyrer du? Kven er best på å etterlikna dei? Kva dyrespor ser du? Katt? Hest? Hjort? 

Turbingo 

Print ut eller tegn sjølv, ta med blyant og kryss av etterkvart som de finn tinga på bingobrettet.

Klikk her for å skrive tekst.

Foto: Andrè Marton Pedersen, Line Hårklau, Marius Dalseg, Eva C.S. Bjørn-Hansen. 

Skrevet av Mari Stephansen 20. mars 2020