Friluft fengar fleire

Ferske medlemstal frå DNT viser no 318 000 medlemmer, tre tusen fleire enn rekordåret i fjor som endte på 315 000 medlemmer. 

Då DNT alt har passert fjorårstala, vil det òg i 2019 bli satt ny medlemsrekord.  

- Interessa for friluftsliv går èin veg – oppover. Turtrenden har halde seg stabil i årevis, og den ser ikke ut til å gå over med det fyrste. Ingenting er betre enn at folk kjem seg ut, ser verdien av å ta haustferien i eige land og nytter seg av dei 550 hyttene som ligg der, tilgjengelege for alle, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang. 

Framleis plass på hyttene 

Dei haustferieåpne betjente hyttene til DNT er tradisjon tru populære turmål, og til trass for at ferien er godt i gang fleire stader, melder hyttene om godt med plass til etternølarar;  

– Me har framleis ledige senger igjen både denne og neste veke. Det har kome eit lite snødryss, men det er fine forhold for fotturar og ikkje noko problem å gå til dei mest populære toppane Vesle Nup eller Kista, seier Marcus Andersson ved Haukeliseter fjellstue på Hardangervidda.  

Gode forhold for fotturar  

Det er snø på dei høgste toppane i Jotunheimen og Langsua, Femundsmarka og Skarvheimen, men frramleis fine forhold for fotturar i lågtliggande strok. 

– Nysnøen smeltar fort dei fleste stader, men det er lurt å ta direkte kontakt med vertskapet på hytta i forkant. De sit på den beste lokalkunnskapen. Vermelding og faktiske forhold stemmer ikkje nødvendigvis, og det er dumt å la seg stoppa unødig. Hausten er uansett røffare vèmessig i fjellet, og dagane er kortare. Pakk med deg nødvendig utstyr, kart og kompass og hugs hovudlykt, oppfordrar generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang.  

Snø i enkelte område

Dei betjente hyttene Rondvassbu i Rondane og Snøheim på Dovre er stengt på grunn av mykje snø dei siste dagene. For dei som reiser hit er det difor naudsynt å pakka for vinter.

– Om du ikkje er klar for snø enno, er det berre til å sjå mot dei andre turområda med opne hytter og barmark. Det er meir enn nok å velja i for dei som vil utnytta siste rest av hausten med fjellsko på beina, seier Klarp Solvang.

Slik ser det ut i fjellet no: 

Opne betjente hytter ut veke 40:     

Opne betjente hytter ut veke 41:     

Opne betjente hytter heile hausten:     

Toppfoto: Marius Dalseg Sætre

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 3. oktober 2019