Dobbel rabatt til DNT-medlemmer

26.-28. september får du dobbel medlemsrabatt i fleire DNT- butikkar. Treng du noko til haustturen kan du sikra deg det no!

Det nærmar seg haustferie og tid for å samla dei siste soltimane og oppleva fargespelet i fjellet, ved kysten og i skogen. Treng du eit nytt og oppdatert kart, ei hovudlykt når lyset forsvinn, nye ullsokkar eller ein silkelakenpose til hyttebesøket?

Då bør du ta turen innom eitt av våre tursenter frå 26.- 28. september. Desse dagane får du som DNT-medlem dobbel rabatt på det du kjøper. Dobbel medlemsrabatt tilsvarer ca. 30 prosent av rettleiande pris. Du får rabatt på alt utanom medlemskap, DNT-nøkkelen, GPS og tilbodsvarer.

Fleire av butikkane har i tillegg eit bugnande Vipps-stativ for deg som ynskjer å gjera eit bruktkupp!

Her får du dobbel medlemsrabatt: 

Dobbel rabatt gjeld i dei nemde lokale butikkane, ikkje i nettbutikken.

Foto: Marius Dalseg og Eivind Haugstad Kleiven

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 20. september 2019