Kryss ein TOPP7-tur av lista i år

Denne helga kan du sanka høgdemeter i Drammen, Bergen, Skien eller Sandnes. 

Med påske og syttande mai vel overstått er tida komen. Mai og juni er månadane for den den sosiale dagsturen med DNT frå topp til topp i bynære strok.

– Dette er krevande turar, men likevel noko alle kan vera med på, sidan du bestemmer både lengde og tempo sjølv, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT. 

Fokus på turen, ikke tida

TOPP7 er ei fellesnemning på DNT sine lengste, bynære dagturar der ein går innom oppmot sju toppar. På dei største arrangementa går mange tusen turen samtidig. Turane varierer noko i lengde på dei ulike stadane, og ofte er det eit kortare alternativ. Felles for alle er at turane er utan tidtaking. 

– Mange løp og turar i dag handlar om å få den beste tida. Med TOPP7 ynskjer me fyrst og fremst å gje turdeltakarane opplevingar, turglede og meistring, kor lang tid du brukar er ikkje det viktigaste, fortel Klarp Solvang.

Godt turvèr meldt i Bergen

Bergen har halde på lengst. Her vart 7-fjellsturen arrangert for fyrste gong 9. mai 1948 med 206 deltakarar. I dag har den spektakulære turen ei øvre grense på heile 9000 deltakarar. 

–Ruta er på 35 kilometer og har ein stigning på til saman 2400 høydemeter. For dei som ynsker kortare og mindre krevande variantar, fins det òg 4-fjells og 3-fjellsturar i Bergen. 3-fjellsturen er spesielt tilrettelagt for barnefamiliar. Meldingane for søndag lovar opphald, lite vind og 10 grader. Det er flott turvèr! Bli med, anten du vil gå over 3, 4 eller 7 fjell, seier Andrè Marton Pedersen i Turlaget. 


10 års - jubileum i Drammen

Arrangementet i Drammen går av stabelen for 10. gongen, og det skal markerast. Det vert liv og røre på fleire av toppane underveis og ved målgang på Bragernes torg inviterer DNT Drammen til familiearrangementet «Topptur på torget», med musikk, klatrevegg, spikking, natursti og andre kjekke aktivitetar for borna. Alt er gratis.

–Dei siste åra har over 1000 personar gått anten TOPP7 - eller TOPP3 turen med oss. Nokon vel å gå turen som ein lang og krevande treningstur, andre tek med vener, born eller kjærast for ei vandring gjennom det vakre nærturområdet i Drammen, seier Åshild Woie i DNT Drammen. 

På Bragernes Torg reparerer DNTs turpartnar Bergans turklede gratis. 

–Ta med ei slitt jakke eller bukse og du kan få hjelp til å byta glidelås, reparera rifter eller hol. Reparasjon av klede er gratis for alle, både dei som skal går turen og ikkje, fortel Woie. 

Rundtur i Sandnes

7-nutsturen, arrangert av Stavanger Turistforening, går frå Sandnes sentrum til Ulvanuten, Vassfjellet, Mattirudla, Bjørndalsfjellet, Fjogstadnuten, Dalsnuten og Kollirudla. Ein kan også her velja ruter med tre eller fem nutar. 

–Dette er den perfekte påskot for gode kollegaer, vener eller familie til å gjera noko kjekt saman! Turen går vekselvis langs smale stiar i skogen, over fjell, langs turvegar, over beitemark og gjennom noko myrlendt terreng, så hugs gode sko, oppmodar Helene Seglem i Stavanger Turistforening. 

Frå by til by i Telemark

I Skien går ruta frå by til by over sju toppar fra Skien til Porsgrunn. Løypa er på litt over 20 km og tek deg over Kjempa, Vindalsåsen, Piggen, Kjerkeåsen, Lakollen, Torsberg og Frydentopp.

– TOPP7 er et viktig arrangement for å få folk ut på tur. Ein langtur som dette like ved der folk bur, er med på å senka terskelen for mange og kan være en døropnar for å utforska friluftslivet vidare, seier Jon Atle Holmberg, dagleg leiar i DNT Telemark.

TOPP7 fortset 

TOPP7-turane er ikkje over med dette. Neste stad ut er Trondheim, Nittedal og Bodø, Kristiansund, Lillehammer og Bærum. 

Foto: Andrè Marton Pedersen

Skrevet av Mari Stephansen 21. mai 2019