Besøk ei betjent hytte i påska

Dersom du tek påska til fjells på ei av våre betjente hytter er du garantert godt selskap med andre fjellfolk.
Dersom du tek påska til fjells på ei av våre betjente hytter er du garantert godt selskap med andre fjellfolk.

Det er supre forhold for ski til fjells og våre betjente hytter er klare for påskegjestar. Sjå kva hytter du kan besøke allereie no!

Nørdstedalseter

I 1928 blei Nørdstedalseter den første betjente hytta i Breheimen med Jostedalsbreen. Hytta ligg idyllisk til øvst i Fortunsdalen, og har etter utviding og oppgradering 42 sengeplassar. Bur du på hytta har du eit godt utgangspunkt for toppturar, samt kortare turar i det vakre området kring hytta.

Maj Britt og Lars Halvar Finskud har vore vertskap ved hytta sidan 2012, og deira samde velvilje for menneske og dyr gjer Nørdstedalseter til ein god stad å vere! Det meste på bordet er lokalt, heimelaga og krydra med kjærleik. Vertskapet ønskjer gjestar velkomne frå 4.april.

Solheimstulen Turisthytte

Inst i Jønndalen i Numedal ligg Solheimstulen Turisthytte vakkert til ved foten av Hardangervidda. Området rundt hytta er framleis prega av seterdrift, og den gode, gamle hytteatmosfæra sit i veggane den dag idag. Solheimstulen blei teken over av DNT Drammen og Omegn i juni 2018, så hytta er nokså ny i hyttesystemet.

Solheimstulen ligg på heile 990 moh. og med dette har du eit godt utgangspunkt for fine turar på Hardangervidda. Det er oppkøyrde dagsturløyper i området, og det vert merka vinterløyper til Mårbu, Rauhelleren, Åan, Imingfjell og Dagalifjell.

Jøldalshytta

På 740 moh. ligg Jøldalshytta i Trollheimen. Hytta er reist i grovt nordmørstømmer frå 1917, og har difor ein unik atmosfære og stemning i veggane. Hytta blei utvida og modernisert i 2005, og er ei av dei tre betjente turisthyttene i den populære turklassikaren "Trekanten i Trollheimen".

Jøldalshytta kan freiste med fleire spennande turmål både for barn og vaksne . Skiterrenget i området er barnevenleg, og den kjende "Trekanten i Trollheimen" vert merka med kvist til påske. Frå hytta kan du også nå toppar som Svarthøtta, Gråfjellet, Geithøtta og Trollhøtta. Om forholda er rette er det også høve for isfiske på Jølvatnet! Vertskapet ønskjer gjestar velkomne frå 5.april.

Betjente hytter 

På dei betjente hyttene våre er det vertskap som står klare med oppvarma hytte, oppreidd seng og 3-rettars middag. Dette gjer at du kan senke skuldrane og nyte påskeferien fullt ut!

Hyttene har god og enkel standard med straum, dusj og tørkerom for turklede. Opphaldet på hytta kostar rundt 800 kroner for medlem med fullpensjon. Dersom du søv i større rom eller i sovesal vert det rimelegare. Vertskapet er veldig flinke på lokalmat, og somme stader kan du gå gjennom fjellheimen og smake nye delikatesser kvar kveld!

Prisen dekker overnatting, mat, sengetøy og eige rom. Såleis kan du gå dagsturar med lett sekk utan bekymringar for kvar du skal leggje deg når natta kjem. Du kan òg få tilbod om fast opphald-spesialpris dersom du bur fast i nokre dagar. Mange betjente hytter fungerer som ei sjølvbetjent hytte utanom den betjente sesongen. 

Desse hyttene er opne no:

Hardangervidda:

Jotunheimen:

Vertskapet har førebudd seg i vekesvis for å ønskje påskegjestane velkomne. Lagera er fylt opp med appelsin, Solo og Kvikk Lunsj.
Vertskapet har førebudd seg i vekesvis for å ønskje påskegjestane velkomne. Lagera er fylt opp med appelsin, Solo og Kvikk Lunsj.

Desse hyttene opnar til påske:

12. april

Annonse

Foto: Marius Dalseg Sætre og Barbro Karlsson.