Slik brukar du ei sjølvbetjent hytte

Foto: Marius Dalseg Sætre

DNT har 550 hytter over heile landet, og av desse er kring 200 sjølvbetjente. Lær meir om korleis du nyttar ei slik hytte.

Hyttene våre er kjende for den uformelle og koselege stemninga. På dei sjølvbetjente hyttene er det ekstra triveleg og sosialt når ein samarbeider med andre gjestar om å hente vatn, fyre i omnen, lage mat og vaske opp.

Planlegg hytteturen på UT.no

UT.no finn du informasjon du treng om hytta, slik som opningstider og generelle tips. Sjekk alltid opningstidene til den einskilde hytta før du legg ut på tur. Skaff deg nøkkel og kart over området før du pakkar sekken. Veldig mange sjølvbetjente og ubetjente hytter er opne heile året. Men, legg merke til at somme hytter stenger i den kaldaste vinterperioden, i kalvingsperioden for reinsdyr i mai/juni og i jaktperioden på hausten.

Foto: Marius Dalseg Sætre
Foto: Marius Dalseg Sætre

Registrer deg i besøksprotokollen

Det første du må gjere når du kjem til hytta er å registrere deg i besøksprotokollen. Det er fyrst etter at du har skrive deg inn at har du rett til å bruke hytta. Hugs å skrive  opp medlemsnummeret ditt for å få rabatten du har krav på. Når du har gjort dette kan du finne deg ei ledig seng, og hugs å ta med deg anten sovepose eller lakenpose. Dersom hytta du kjem til er full, vert du ikkje avvist, men hugs på regelen som seier at du skal gi frå deg senga til nokon andre om du allereie har sove der ei natt.

Som medlem i DNT får du ein standard hyttenøkkel som gir deg tilgang til dei fleste hyttene våre. Nøkkelen er din eigendel så lenge medlemskapet ditt er gyldig, og er for mange den viktigaste medlemsfordelen. Du kan skaffe deg nøkkelen ved å bestille den på DNT.no eller i ein av våre medlemsforeningar

Hald varmen ved peisen

Når du har kome deg inn i hytta, er det lurt å fyre i omnen for å få opp temperaturen. Ved til å fyre opp med skal alltid ligge like ved omnen, og om du treng meir er det fleire sekkar i vedboda. Dersom kleda dine er våte etter ein dag ute i ruskevær, bør du henge dei opp slik at dei tørkar. Det er som regel godt tilrettelagd for tørking av klede og sko ved sidan av omnen. Hugs å fylle på med ved til neste gjest før du reiser frå hytta.

Foto: Mari Stephansen
Foto: Bibi Klaassen

Set stemning og varme med levande lys!

Somme av hyttene våre har innlagd straum eller får energi frå solcellestraum. Men, på dei aller fleste hyttene er det framleis stearinlys eller parafinlamper som gjeld. Hugs å sjekke at stearinlysa står godt i lysestaken, og at du ikkje søler lampeolje når du fyller på parafinlampa. 

På hytta finn du informasjon om kvar den næraste vasskjelda er. Hyttene har ofte ein brønn knytt til seg, men om vinteren må du vere budd på å smelte snø på omnen. 

Matlageret står klart for å mette

Når du besøker ei sjølvforsynt hytte kan du bere ein lettare sekk når du skal på tur! Du finn eit matlager med kaffi, te, middagar, knekkebrød, pålegg og meir på hytta. Likevel, kan det vere ein god ide å ta med seg krydder for å gjere middagen endå betre. Noter ned kva du tek undervegs, slik at du enkelt held teljinga på kva du skal betale når du reiser. 

Foto: Marius Dalseg Sætre
Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Ver saman på kjøkenet

Dei fleste hyttene våre har propanapparat som vert nytta til koking av vatn og til matlaging. Du skrur på gassen ved å vende brytaren slik at flammesymbolet er snudd mot deg. Deretter tenner du på gassen med ein fyrstikk eller ein tennar. Hald brytaren inne og vri rundt. Tenn så på gassen medan du held brytaren inne eit par sekund. Nokre komfyrar har ein ekstra brytar for gassen som du også må skru på. Det er viktig at du hugsar å stenge gassen når du reiser. 

Toalett

Hyttetoaletta til DNT er som oftast den tradisjonelle norske utedoen. På utetoalettet kan du kome over både bilete av kongefamilien og ei rekke hyggeleg lesestoff. Bruk torv- eller barksekken til å strø over når du er ferdig. 

Foto: Maria Losoa Pettersen
Foto: Marius Dalseg Sætre

Sjekk om hunden kan vere med

Omlag 200 av hyttene våre er tilrettelagd for hund. Tilbodet varierer frå eigne rom der du kan bu saman med hunden din, til hundebur eller eigne stader for hund i uterom, vedskjul og liknande. Det er med omsyn til allergikarar at det ikkje er tillate å ha med seg hund inn i fellesområda eller på soveromma. På UT.no kan du sjå kva hytter du kan ha med deg den firbeinte på.

Betal for opphaldet

Til slutt betalar du for deg ved å legge saman prisen for overnatting og det du har ete. Barn under tre år overnatter gratis på sjølvbetjente og ubetjente hytter, medan ungdom får halv pris. Med mindre du har booka og betalt på førehand, bruker du skjemaet og betalingfullmakta som du finn på hytta. Etter opphaldet får du tilsendt ein faktura, eller ei lenkje for betaling med kredittkort.  Meir informasjon om hyttebooking finn du her.

Foto: Marius Dalseg Sætre
Foto: Troms Turlag

Vask hytta før avreise

Både bestikk, tallerkenar, benkeflater og golv må vaskast før du reiser frå hytta. Brenn avfall som kan brennast i omnen, og sjå elles oppslag om kjeldesortering på hytta. Hugs at alle hermetikkboksar skal skyllast og bankast flate. Ein grei regel er å etterlate hytta i litt betre stand enn du fann ho!



Lås alltid hytta før du reiser!

3 gode grunnar til å bli medlem:

  • Du sparar inn medlemskontingenten etter tre overnattingar på betjente hytter.

  • Ungdom betalar halv pris på sjølvbetjente og ubetjente hytter.

  • Barn under tre år bur og eter gratis på hyttene.