Året med 150 høgdepunkt, minst!

Mmmmat smakar best ute! Frå majestetiske Vesterålen under tredje veka av Monsen minutt for minutt.
Mmmmat smakar best ute! Frå majestetiske Vesterålen under tredje veka av Monsen minutt for minutt.

Verdas sprekaste 150-åring har feira sidan januar. Kva hugsar du best frå jubileumsåret 2018?

Feiringa av 150 år med friluftsliv har resultert i ei rekkje fantastiske opplevingar. Jubileumsåret har gjeve energi til heile organisasjonen, med store og små jubileumsaktivitetar over heile landet. Målsetjingane Thomas Heftye hadde då han skipa Turistforeningen i 1868 er det samme DNT-skuta styrer etter 150 år seinare. Friluftsliv skal vera tilgjengeleg for alle, det skal vera rimelig og det skal ikkje kreva mykje utstyr. 

Naturen er eit fellesgode 

Sjølvom målsetjinga er den same, har det skjedd mykje på 150 år. DNT har gått frå å vera for ein liten elite til å bli noko folk frå alle samfunnslag har som ein viktig del av kvardag, helg og ferie. DNT har vandra ned frå fjellet og me har hytter, aktivitetar og me merker i dag stiar òg langs kysten, i skogen, i bygder og i byar. 

– Me har nådd ut til nye grupper i jubileumsåret, det er fleire som no kjenner til oss og som veit kva me tilbyr. Turane, kursa og aktivitetane våre har mobilisert folk som tidlegere ikkje har vore mykje på tur. Dette skal me bygga vidare på i året som kjem. Då vil me ha eit særskildt fokus på å inkludera nye grupper i friluftslivet, og på den måten dela turgleda med endå fleire, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT. 

Tidenes Turfest i Oslo Spektrum

19. januar losa Anne Lindmo eit fullsett Oslo Spektrum gjennom førestilinga Tidenes Turfest. Heidersgjesten var turdronning og æresmedlem i DNT, Dronning Sonja. Denne kvelden fekk me verkeleg synt fram DNT sitt tilbod og hylla dei frivillige i organisasjonen. Då NRK sendte festførestillinga på påskeaftan, fylgde halvparten av alle som såg TV den kvelden med.

Verdas største utebursdag

Søndag 21. januar var det på dagen 150 år sidan DNT vart skipa. Medlemsforeiningar frå nord til sør, aust og vest inviterte små og store til utebursdag med skileik, aking, pinnebrød, Turbodans og bursdagssong. Det var vinterlege og strålande forhold over store delar av landet. Heile 40 000 deltok! 

Varig vern av Øystesevassdraget

Etter 30 år med kamp kom beskjeden om at Øystesevassdraget vart varig verna. Øystesevassdraget er ei naturperle av stor nasjonal verdi. Vassdraget strekk seg frå fjellet og heilt ned til fjorden, og er ei av få attverande naturområder i sitt slag på Vestlandet. 

Frimerke, bok og mynt

I november i fjor vart vår jubileumsboka "Kunsten å vandre", lansert. Redaktør er mangeårig journalist i Fjell og Vidde Julie Maske, og boka viser veg til 12 ukjende turperler over heile landet.

Posten Norge laga fire frimerker til jubileumsåret. Molde og Romsdals Turistforening jubla for frimerket med deira hytte Svartvassbu i Romsdalen. 

Ein eigen minnemynt kom også i sirkulasjon i jubileumsåret. Norges Bank inviterte fem kunstnarar til konkurranse. Vinnar vart Martine Linge, med motivet «Kart og kompass».

Ubetjent hytte på Folkemuseet

Sommaren 2016 vart Hovinkoia flytta frå Ringerike til Slottsparken, som del av feiringa av Kongeparet sine 25 år på trona. I februar vart hytta ein permanent del av utstillinga på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Den ubetjente markahytta vart bygd i 1937.

På biletet er Solveig, ei av mange frivillige hyttevakter på Folkemuseet i sommar. 

Daniel Kvammen på påsketurnè

Artist Daniel Kvammen pakka gitaren i pulken og la ut på 20 mil med vandring for å halda intimkonsert for gjestene på fleire av DNT sine betjente hytter i Skarvheimen og på Hardangervidda. Noko av det råaste eg har gjort, sa artisten sjølv. 

Brureferd på Hardangervidda

Det vart ei minnerik påskefeiring for gjestene på Kalhovd Turisthytte dette året. Plutseleg var alle del av Ingeling og Sigbjørn sin store dag. Brureferda gjekk på ski over Hardangervidda. 

Påsken baud på strålande forhold med mengder av både sol og snø. Dei betjente hyttene husa 6 prosent fleire enn året før.  DNT vart også stolte mottakarar av årets fjellskikkpris frå Røde Kors for vårt fjellvettarbeid.

Jubileumsveke i Spikersuppa

Fyrste veka i juni inviterte DNT Oslo og Omegn til over 140 turar, aktivitetar og foredrag i marka, på fjorden og i byen. Alt var gratis. Meir enn 5000, barnehage- og skuleborn, familiar, turistar og andre besøkte DNT-området i Spikersuppa.  

Historiens fyrste fjellreportarar

I sommar søkte DNT etter fjellreportarar.  Blant 160 søkjarar vart det til slutt Åshild Eikemo Lundh og Line Hårklau som fekk i oppgåve å intervjua ungdom på tur i fjellet om deira forhold til friluftsliv. Prosjektet var eit samarbeid mellom DNT og Norsk Folkemuseum.

Historisk markering på Krokan

I juli var det 150-årsmarkering på Krokan, den fyrste hytta DNT kjøpte. Feiringa vart markert med Marispelet. I tillegg opna Ragnhild Helberg utstillinga basert på mannen Claus Helberg som Norsk Industriarbeidermuseum (NIA) har sett i stand. 

Monsen minutt for minutt 

Bursdagsønsket vårt var å få med oss heie Norge på tur. Saman  med NRK laga me Monsen minutt for minutt, fire veker med direktesendt TV. 400 råsterke frivillige bar tilsaman 350 tonn utstyr heile 8934 høgdemeter. Monsen-sendinga var eit eventyr. Over 3 millioner var med oss på turane via tv-skjermen. 

Ivrige turgåarar og stabilt sommarvèr gjorde sitt til at overnattingstala våre i sommar gjekk opp 5 prosent til 120 000 overnattingar.

15 millionar til Hyttefondet

Eit samrøystes Storting bestemte i desember i fjor at halvparten av overskotet fra ei lottotrekning med Norsk Tipping i 2018 skulle gå til DNTs hyttefond. Gåva vil koma alle som er glade i friluftsliv til gode. Pengane skal gå til viktig oppgraderingsarbeid som ikkje kan løysast på dugnad. Slik kan hyttene, der fleire er 100 år gamle, stå stødig og ynskja turgåarar velkomen også i dei 100 neste åra. 

Varig vern av Vinda i Valdres

Etter ein lang kamp vart det klart at elva Vinda i Valdres, den siste urørte, store elva som renn fritt i området, ikkje vart lagt i rør. Dette takka vera ein mangeårig kamp frå lokale eldsjeler, DNT og miljøorganisasjonar. To av tre norske vassdrag er råka av kraftutbygging. Sju av dei ti høgste fossane i Noreg er lagt i rør. At Vinda vert urørt for framtida ​​​​​​​er det all grunn til å jubla for!

Vindkraft truar urørt natur

Halvparten av landarealet i Norge vert no vurdert for vindkraft. DNT fryktar at naturen går på billigsalg på grunn av unødig hastverksarbeid. Vindkraft gjer naturen om til eit industriområde med store, irreversible inngrep i naturen. Me vil gjera vårt for å hindra at urørt natur vert rasert unødvendig.  Støtt oss i kampen vidare, signer oppropet ​​​​​​​vårt!

Nyttårstips; Legg inn mykje utetid på timeplanen i 2019.
Nyttårstips; Legg inn mykje utetid på timeplanen i 2019.

Takk for turfølget i år. Det er framleis litt att av det, ta godt vare på dagane!

Senk terskelen. Ta med deg kvelds, lunsj eller frokost ut. Ha pølser på termos, ta med deg varm kakao, gå til eit stille vatn eller eit utsiktspunkt.

Fyll lungene med frisk luft og set mobilen på lydlaus. Friluftsliv handlar ikkje berre om å gå til den høgste toppen eller ta den lengste ruta, det handlar om å vera i naturen, her og no. 

Det handlar om å koma seg ut. Gå. Samla tankar. Tid ute er tid til å vera saman med vener, familie og - deg sjølv. 

GODT TURÅR I VENTE!


Foto: Signe Luksengard, Marius Dalseg Sætre, Eivind Haugstad Kleiven, Monica Hägglund Langen, Kari Merete Horne, Silje Thoen, Nicolas Rodriguez, ​​​​​​​

Skrevet av Mari Stephansen 19. desember 2018