Me veit kva du ynskjer deg til jol!

Nytt år, nye mogelegheiter for å ønska seg naturopplevingar for livet!
Nytt år, nye mogelegheiter for å ønska seg naturopplevingar for livet! Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Som barn er ynskjelista til nissen endelaus, som vaksen er det ikkje like lett. Her er våre tips.

1. Nyttig pynt

Tips vener eller familie om å gå inn her, lasta ned, laminera eller råma inn, og du får nyttig dekor med bodskap som ikkje kan gjentakast for ofte. Heng det på kjøleskåpet, på do eller i gangen ved turkleda. 

2. Inspirasjon 

Jula er tida for å henta fram opplevingane som gjorde året minnerikt, og for å legga planar om nye. Inspirasjon til dei neste turane du skal gå finn du mellom anna i DNTs jubileumsbok. Boka er verd å ynskja seg berre for å sjå bileta, men viktigst av alt viser den deg 12 ukjente turperler i område få går i. "Kunsten å vandre" kan du kjøpa her.

3. Kunnskap

Dersom du har litt å gå på når det gjeld navigering har du noko til felles med ganske mange. Kva med å ønska seg eit kurs i kart og kompass? DNT-medlemmer får rabattar på kurs og fellesturar. Kanskje du får ei ny interesse for klatring? Eller kanskje du finn ut at padling er noko for deg?  Som DNT-medlem kan du også utdanne deg til å bli turleiar, og kanskje etterkvart bli instruktør innan bre, klatring, skred, og isklatring. 

4. Kjærleik

Er du ein grøn, gul eller raud turgåar? Her er rettleiing til kva hua du må føra på ynskjelista om du er på jakt etter ein kjærast - eller ikkje, i 2019. 

5. 550 hytter

Før opp eit medlemskap i DNT på lista, bli deleigar av 550 hytter! I DNT har du faktisk tilgang til og rabatt på overnatting på over 540 hytter, og det i heile landet. Medlemmer kan skaffe seg eigen nøkkel til dei ubetjente hyttene, og i dei sjølvbetjente hyttene er det matlager slik at du kan gå med lettare sekk og heller kjøpe maten der. På betjente hytter kan du unne deg oppvartning av vertskapet på hytta, og gjerne ein treretters middag, med noko åttat. Å "dra på hytta" treng aldri meir å bli det same, for du kan alltids reise til ei ny hytte, kvar gong! 

6. Tur

Den beste gåva ein kan få er tid med andre som ein bryr seg om. Før opp ein tur på lista. Be om å bli tatt med på ein ny sti, til ei ny hytte eller eit utsiktspunkt. Du  finn drøsevis av turforslag og hytter på ut.no.


    Bilder fra majestetiske Vesterålen under tredje uken av Monsen minutt for minutt. Her fra siste del av Dronningruta langs kysten fra Stø mot Nyksund.
    Bilder fra majestetiske Vesterålen under tredje uken av Monsen minutt for minutt. Her fra siste del av Dronningruta langs kysten fra Stø mot Nyksund. Foto: Marius Dalseg Sætre

    Annonse

    Skrevet av Mari Stephansen 29. november 2018