Jolegåvetips for turglade

Som barn er ynskjelista til nissen endelaus, som vaksen er det nødvendigvis ikkje like lett. Her er våre tips.

1. Nyttepynt

Tips vener eller familie om å gå inn her, lasta ned, laminera eller råma inn, og du får nyttig dekor med bodskap som ikkje kan gjentakast for ofte. Heng det på kjøleskåpet, på do eller i gangen ved turkleda. 

2. Inspirasjon 

Jula er tida for å henta fram opplevingane som gjorde året minnerikt, og for å legga planar om nye. Inspirasjon til dei neste turane du skal gå finn du mellom anna i bøker. Sjekk kva du kan kjøpa, med medlemsrabatt, i nettbutikken vår. 

3. Kunnskap

Dersom du har litt å gå på når det gjeld navigering har du noko til felles med ganske mange. Kva med å ønska seg eit kurs i kart og kompass? DNT-medlemmer får rabattar på kurs. Kanskje du får ei ny interesse for klatring? Eller finn ut at padling er noko for deg?  Som DNT-medlem kan du også utdanna deg til å bli turleiar, og etterkvart bli instruktør innan bre, klatring, skred, og isklatring. 

4. Kjærleik

Er du ein grøn, gul, raud eller Pride-turgåar? Her er rettleiing til kva hua du må føra på ynskjelista om du er på jakt etter ein kjærast - eller ikkje, i 2020. 

5. 550 hytter

Om du fører opp eit medlemskap i DNT på lista, vert du automatisk deleigar av 550 hytter. I DNT har du tilgang til og rabatt på overnatting på hytter over heile landet. Det er fyrst som medlem at du kan få tak i eigen nøkkel til hyttene. 

6. Tur

Den beste gåva ein kan få er tid med andre som ein bryr seg om. Før opp ein tur på lista. Be om å bli tatt med på ein ny sti, til ei ny hytte eller eit utsiktspunkt. Du finn drøssevis av turforslag og hytter på ut.no.

    Foto: Marius Dalseg Sætre og Sindre Thoresen Lønnes

    Annonse

    Skrevet av Mari Stephansen 9. desember 2019