Tap av natur - kva kan me gjera?

Arne Nævra, mangeårig naturfotograf i NRK, no stortingsrepresentant for SV, og ein av dei som heldt innlegg på seminaret.
Arne Nævra, mangeårig naturfotograf i NRK, no stortingsrepresentant for SV, og ein av dei som heldt innlegg på seminaret. Foto: Mari Stephansen

Naturen tapar stadig fleire kampar. På Naturfilosofisk seminar fekk deltakarane innsikt i ei rekkje aktuelle truslar mot naturmangfaldet. 

Unge, eldre, biologar og industritoppar, menneske frå organisasjonslivet og politisk aktive var samla til samtale og debatt på Litteraturhuset i Oslo i helga. Felles for dei alle var at dei ville vita meir om kva som er i ferd med å skje med naturen me både er glade i - og avhengig av.

- Seminaret er ein stad for samtale og idéutveksling framfor einvegskommunikasjon, fortel Anne Mari Aamelfot Hjelle, leiar for naturforvaltning i DNT og med i styringsgruppa bak seminaret. Ved å skapa eit tverrfagleg forum får me løfta fram ulike sider ved forholdet mellom natur og kultur og spørsmåla om verdiar og forvaltning som dette reiser. 

Urørt natur vert bygd ned i stor skala

Sidan stiftinga av DNT for 150 år sidan har den villmarksprega naturen gått frå å dekka over halvparten av landet til å utgjera under 12 prosent. Framleis forsvinn verdifulle natur- og friluftslivsområde kvart år til mellom anna utbygging av vindkraft, bustader og hyttefelt. Frå salen vart det sagt at hyttebygging i realiteten tok slutt på 80 - talet og vert erstatta av bygging av bustader.

Georg Fredrik Rieber-Mohn, jurist og tidligare høgsterettsdommar, er av dei som har engasjert seg. Han ser med gru på etableringa av stadig nye hyttefelt.

– Det som skjer no, er at nokre relativt få familiar sikrar seg varig og eksklusiv råderett over vakre fjellområde som burde koma allmenta til gode.

Dropen som fekk begeret til å flyte over for Rieber-Mohn, var dei aktuelle utbyggingane i Flå kommune i Buskerud, som har ca. 1000 innbyggarar. Her vert det bygd i alt 4000 nye høgstandard hytter, plassert i all hovudsak i det mest samanhengande urørte området mellom Vassfaret og Hallingdal. Han ynskjer ei auka bevisttgjering og debatt rundt utviklinga; 

– Det meste går i feil retning. Den rådande politikken, som er styrt av ein slags høgrepopulisme, frir til folk si eigeninteresse for meir velstand og eit høgare forbruk, også i form av fritidsbustader med høg standard. I mange fjellbygder vert store, villmarksprega utmarksområde lagt beslag på til nye, høgstandard bustader, som krev mykje energi og infrastruktur. Denne enorme utbygginga er styrt av kortsiktige økonomiske interesser i kommunar og hjå investorar. Nokon må begynna å tenka heilheitleg og setja bremsene på. Om 50 år er me kanskje 20 millioner menneske i Norge. Alle kan ikkje få eiga hytte ved nye utbyggingar.

DNTs styreleiar, Per Hanasand seier politikarane må få augene opp for det som er irreversible inngrep som fjernar endå meir av det  som er igjen av urørt, norsk natur. 

–  Hytteutbygging i den skalaen me ser fleire stader i landet øydelegg uerstattelige naturområde, område som alt er utsett for press frå mange andre kantar. Urørt natur vert bygd den i stor skala, og me må ta vare på det me har igjen, me får ikkje desse områda igjen. Når dei fyrst er bygd ut, finst det ingen angreknapp. Dette må politikarane ta inn over seg. 

– Smågnagarsyklus

Dei store spørsmåla og lange linjene vert knapt snakka om i Stortinget, kunne SV sin stortingsrepresentant, Arne Nævra, fortelja. Kva slags vekst, kva levestandard skal me ha? Me skal bruka naturen, men ikkje forbruka den; 

–På Stortinget jobbar me parallellt både med klimakampen og utfordringa med tap av natur og areal, men i opposisjon har ein avgrensa gjennomslag. Me fremja 40 forslag til klimatiltak i fjor, og det einaste me fekk gjennomslag for handla om handtering av gummigranulat frå kunstgrasbanar. Det politiske Norge er prega av egoisme og kortsiktigheit - fram til neste stortingsval.  Dei styrande politikarne tenkjer ikke lenger enn en smågnagarsyklus, sa Nævra. 

– Energiforbruket må ned!

Carlo Aall er forskar og professor tilknytt Vestlandsforskning i Sogndal. Han fortalde at klimaproblemet var tema i media alt i 1912. Fyrst etter 100 år, i 2016, kom Parisavtalen. Aall var spesielt tydeleg på ein ting; 

–Det som ikkje er, men som burde vore debatten i Norge er; Korleis kan me redusera energiforbruket vårt med 70 – 80 prosent?  Det er her det verkeleg hastar. 

For potensialet for å redusera forbruket er stort, og det hjå kvar og ein av oss. Aall la fram Hopestudien som viser at det er vilje blant oss til å redusera eigne utslepp, men me treng drahjelp frå myndigheitene.

–Me kan på eiga hand få ned utsleppa med 25 prosent, men for å oppnå 50 prosent, det som faktisk må til, må politikarane i større grad innføra "tvang". Å la det vera opp til kvar enkelt å vera grøn har eit for begrensa potensial. Ein kan frista med tilskot også, men ein må gå i retning av tvang for å få tiltak som verkeleg monnar, sa Aall. 

    Georg Fredrik Rieber-Mohn vart intervjua om hytteutbygging i fjellet av tidlegare direktør i Virke, Hilde Charlotte Solheim.
    Georg Fredrik Rieber-Mohn vart intervjua om hytteutbygging i fjellet av tidlegare direktør i Virke, Hilde Charlotte Solheim. Foto: Mari Stephansen

    Er det håp? 

    Etter ei lang rekkje alvorstynga innlegg vart representantar frå både politikk, industri og organisasjonslivet utfordra på å gje svar på korleis dei kan bidra for å unngå ytterligare tap av natur. Lars Wang frå DNT sitt landsstyre var fyrst ut: 

    –DNT tek eit samfunnsansvar. Me skal vera ein premissleverandør for både uorganisert og organisert ferdsel med kroppen som motor i alle naturområde. Me vil gå fremst og vera eit godt førebilde. Med 550 delingshytter over heile landet viser DNT at det går an, og at det er eit system som fungerer! Grønn tur eit anna inititativ, der me skal gjera det enkelt for folk å koma seg på tur, miljøvenleg!

    DNT har lenge tatt til orde for at alle kommunar bør definera markagrenser eller fjellgrenser, for å hindre stykkevis nedbygging av naturen nær der folk bur. I sommar la Regjeringa fram ein ny Handlingsplan for friluftsliv. Den oppfordrer til marka og utmarksgrense. Men er det nok? 


    – Det er ein god start at regjeringa no oppfordrar alle kommunar til å fastsetje slike grenser. Dette er den naturen folk brukar mest, og å sikre den vil ha ei stor folkehelseeffekt, seier Per Hanasand, styreleiar i DNT. 

    Georg Fredrik Rieber Mohn er avmålt realist og har følgande tankar om marka - og utmarksgrense: 

    • Bindande utmarksgrenser vil naturlegvis vera eit framsteg. Men i tillegg må sentrale myndigheiter ta tilbake kontrollen over kvar enkelt kommune sine arealplanar for hytteutbygging.
    • Me har lenge hatt nasjonale retningslinjer for arealplanlegging og hytteutbygging. Men desse er delvis neglisjert av enkelte kommunar, utan at det har konsekvensar for dei. 
    • Det må innførast ei effektiv klageordning, der viktige naturforvaltningshensyn kjem sterkere inn i prosessen ved at mellom anna sakkyndige interesseorganisasjonar kan få overprøvd kommunale vedtak. Dette er for viktige saker til at dei kan styrast av kommunane åleine.
    • Små kommunar har dessuten bestemmande organ der dei som tek avgjerdene ofte er grunneigar sjølv, eller nære slektningar og vener av desse, med for mange personlege interesser i saksutfall.

    Ditt bidrag tel

    Georg Fredrik Rieber Mohn har følgande råd til oss: 

    –Alle med litt innsikt bør delta i debatten ut frå si eiga kjennskap til feltet. Det er også mogeleg å koma med innspel til kommunale planprosessar, både for organisasjoner og for privatpersonar. Det ligg føre store planar i mange kommunar. Det er mykje å ta fatt i, seier Rieber Mohn. 

    DNT ung og POW Norge sine Miljøvettreglar kom i 2016 og er godt etablerte. Det samme er Grønn fredag, eit motsvar til Black Friday og dagen der ein bytter utstyr istaden for å kjøpa nytt.  Fiks alt, alltid, reis mindre, opplev meir er to av Miljøvettreglane som skal hjelpa oss på vegen mot eit sporlaust friluftsliv. 

    – Å drive med friluftliv i sitt eige nærområde og eige land, er noko av det mest berekraftige du kan gjera. For DNT som organisasjon sin del, er jobben med å fortsetja å tilrettelegga for eit enkelt og miljøvenleg frilfuftsliv det viktigaste me kan bidra med i eit lågutsleppssamfunn. Forutan dette skal me sjølvsagt visa veg og vera eit godt klimaførebilete med tanke på korleis me driftar organisasjonen og hyttene våre frå nord til sør, seier styreleiar i DNT, Per Hanasand. 

    Kort om Naturfilosofisk seminar:

    • Drøftar forholdet vårt til naturen og til ei naturvenleg utvikling. Seminaret skal gje menneske med ulik tilnærming og haldningar til natur og naturforståing ein møteplass for utveksling av idear.
    • Utgjer ei seminarrekkje med årlege møter. Det fyrste møtet vart halde på Turtagrø hausten 1995. Seminaret vert arrangert på ideell basis. Arrangør er stiftinga Naturfilosofisk seminar.
    Deler av forsamlinga på seminaret i Oslo 10. november.
    Deler av forsamlinga på seminaret i Oslo 10. november. Foto: Mari Stephansen

    Annonse

    Skrevet av Mari Stephansen 13. november 2018