DNT tar over Kråkenes fyr

Ytre Nordfjord Turlag har fått leigeavtale på Kråkenes fyr.
Ytre Nordfjord Turlag har fått leigeavtale på Kråkenes fyr. Foto: Tor Magne Gangsøy/Ytre Nordfjord Turlag

Ytre Nordfjord Turlag overtar drifta av Kråkenes fyr. – Når det er storm og styggevêr trur eg dette kan bli noko av det mest spektakulære ein kan oppleve i hyttesystemet til DNT.

Tidlegare i haust søkte Kystverket etter nye leigetakarar på Kråkenes fyr. Fyret ligg i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane, heilt ut mot Stadhavet. Blant seks søkarar fall valet på Ytre Nordfjord Turlag, som også driftar Skongenes fyr. 

Vi gler oss over at Ytre Nordfjord Turlag har fått denne mulegheita, og ser fram til ei spanande utvikling av tilbodet på Skongenes og Kråkenes fyr i tida framover, fortel Anne-Mari Planke, fagsjef for friluftsliv i DNT. – Offentlege bygg som går ut av drift bør gjerast tilgjengelege for allmenta der det er hensiktsmessig. Dette er no sikra gjennom denne avtalen.

Stor interesse

Styreleiar i Ytre Nordfjord Turlag, Tor Magne Gangsøy, har allereie motteke overveldande mykje respons frå folk som ynskjer å besøke fyret.

– Eg er overraska over interessa og har fått støtteerklæringar frå fjern og nær. No startar arbeidet med å skape eit DNT-særpreg på fyret. Vi må inn med fleire senger og få overnattingsprisen ned. 

Leigeavtalen startar i januar 2019. Gangsøy fortel at det endå er usikkert når dei er klare til å ta imot overnattingsgjester, men håpar å kunne åpne dørene til 1.mars. Og i motsetnad til dei fleste andre stader kan det vere vel så attraktivt med uvêr som finvêr. 

 – Når det er storm og styggevêr trur eg dette kan bli noko av det mest spektakulære ein kan oppleve i hyttesystemet til DNT.

Kråkenes fyr har blitt kjend for brudesuiten si og mykje tydar på at den blir verande også når DNT tek over.

– Eg trur kanskje brudesuiten må bestå, det hadde vore artig å ha eit slikt konsept. Det er fleire som er interessert i den enn eg hadde trudd, fortel Gangsøy. 

Les også: 5 fine turer langs kysten

Del av Kystled

Å gjere naturen tilgjengeleg for alle gjennom overnattingstilbod og stiar er den mest sentrale oppgåva for DNT sine 57 medlemsforeiningar. Dette var viktig for Kystverket si avgjerd om å tildele leigeavtalen Ytre Nordfjord Turlag. 

Fyret blir også ein del av Kystled som er eit samarbeid mellom fleire organisasjonar, deriblant DNT, som skal tilrettelegge for eit enkelt og aktivt friluftsliv ved kysten. Over 90 overnattingsstader er så langt inkludert i tilbodet, kor Kråkenes fyr føyer seg inn i rekka.

– Med eit driftskonsept som turistforeningshytte som inngår i Kystledsnettverket i Norge blir fyrstasjonen veldig open for allmenta, og samtidig har Ytre Nordfjord Turlag ein god plan for kulturminnevern og -formidling, fortel senioringeniør Svein Gunnar Vallestad i Kystverket.

Les også: Kystperler for alle

Annonse

KRÅKENES FYR

  • Kråkenes fyr blei oppretta i 1906 og ligg i Vågsøy kommune.
  • Fyret blei bomba under andre verdskrig. Nytt fyr stod ferdig i 1950.
  • Fyret har eigen vêrstasjon og sender data til Meteorologisk institutt. Det har vore registrert om lag 150 orkanar her. 
  • Frå januar 2019 tek Ytre Nordfjord Turlag over drifta. Dei håpar å åpne dørene 1.mars.

Skrevet av Line Hårklau 13. november 2018