Vakn opp på fjellet i haust

Solheimstulen er ei ny DNT-hytte og eit eldorado for små og store. Velkomen til fjells!
Solheimstulen er ei ny DNT-hytte og eit eldorado for små og store. Velkomen til fjells! Foto: Marius Dalseg Sætre

Det er no du kan nyta fargefesten og sjå snø på toppane, få roen til å lesa boka ferdig og samla minner til vinteren. 

Å bu i Norge betyr endelause mogelegheiter til å nyta naturen og stilla. No er tida der du kan ta dei siste fotturane høgt til fjells før snøen igjen kler fjellområda. Om det så er roen, dei høgste toppane eller utsikta frå middagsbordet ved hytta som trekk deg til fjells; haustferie har blitt turferie for stadig fleire.

- Interessa for fjell og friluftsliv har eksplodert dei siste åra. Overnattingstala frå sommaren på dei betjente hyttene våre slo alle rekordar, seier Nils Øveraas, generalsekretær i Den Norske Turistforening.  

Ny hytte på Hardangervidda 

I juni overtok DNT Drammen tradisjonsrike Solheimstulen i Uvdal, Hardangervidda. Herfrå kan du gå på merka stiar til Mårbu, Rauhelleren, Åan og Imingfjell, for å nemna noko. 

-Her vil du merka at den gode gamle atmosfæren framleis sit i veggane. Det er lange tradisjonar for stølsdrift her, og i dalen går sauer og kyr på beite. Berit Drag, ei av våre mange fantastiske frivillige, lagar husmannskost av beste sort og byr på nybakt brød og kanelsnurrar kvar dag. I tilegg til dette, organiserer me leik og aktivitet for barnefamiliar kvar dag i haustferien, seier Johan Fegri i DNT Drammen. 

Finn di eiga drøymehytte 

Har du små barn anbefaler me å bu fast på ei hytte og gå turar derfrå. Dei haustferieopne betjente hyttene er populære både som dagsturmål og til overnatting, og dei har framleis god plass til etternølarane.  Ellers er det nok av sjarmerande sjølvbetjente og ubetjente hytter å velga mellom.   

Opne, betjente hytter ut veke 40   

-Solheimstulen på Hardangervidda Ligg i eit område perfekt for barnefamiliar, og er eit ypperleg utgangspunkt for dagsturar. Her er det ekte husmannskost av beste sort, med nybakt brød og kanelsnurrar kvar dag. Det er også mogeleg å kjøpa heile brød. Aktivitetsleiar kvar dag i ferien. 

·Svukuriset, Femundsmarka er ein ombygd fjellgard som ligg mellom dei mange multemyrene i Femundsmarka. Her er det godt med plass, modne tyttebær og insektsfritt. Natursti og mogelegheit for korte turer med hundespann. 

· Fondsbu i Jotunheimen Aktivitetsleiar for borna frå mandag til lørdag. Det vert turar i området, uteleik, eventyrstunder og ikkje minst bålkos ved dammen med steiking av lappar/pinnebrød og historieforteljing med bestyrar Solbjørg alle ettermiddagar.  

·Mogen på Hardangervidda Her kan du bli med på noko så eksotisk som eit cruise på Møsvatn som endar opp på idylliske Mogen turisthytte. Hytta er av dei eldste på Vidda og kjend for sitt fantastiske kjøkken. 

·Gjendesheim i Jotunheimen Har aktivitetsleiarar for barn og fellestur for familiar: Sjørøvertokt i Jotunheimen fra 29.9. til 2.10. 

·Rondvassbu i Rondane Tilbyr toppturar med førar fleire dagar i løpet av ferien. Aktivitetar for born.  

·Snøheim, Dovrefjell Snøhetta-massivet ragar høgt og fritt over fjellviddene på Dovre. Frå Snøheim kan du gå mange fine dagsturar - alt frå dei enkle, barnevenlege til meir krevande toppturar.  

Opne, betjente hytter ut veke 41:    

·Aurlandsdalen turisthytte Østerbø  i Skarvheimen. Hytta er eit naturleg utgangspunkt for å gå Aurlandsdalen eller i fjella i området. Tunet innbur til leik og aktivitet.  Utlån av båt, kanoar og fiskestenger. 

·Gaustatoppen Fra Gaustatoppen har du et vidt utsyn over store deler av Sør-Norge, å overnatta her er ei oppleving av dei sjeldne! 

-Rønningen gård, Bymarka i Tromdheim; Åpen på dagtid med matservering. 

Opne betjente hytter heile høsten:  

·Haukeliseter Fjellstue Midt mellom aust og vest, på 1000 moh, finn du Haukeliseter. Turmogelegheiter i alle retningar, og kjend for sin eigen produksjon av brød og bollar; Bakeri Nansen. 

·Preikestolen Fjellstue Preikestolen fjellstue ligg akkurat der stien til Preikestolen startar. Her er det mykje å finna på for heole familien.  

·Kobberhaughytta, Nordmarka DNTs storstove i hjartet av Nordmarka, lett tilgjengeleg frå Sørkedalen, Frognerseteren og Sognsvann. Supert for overnatting og dagturer, til fots eller på sykkel i haustferien (ta kontakt for booking ved overnatting).  

·Eiksetra, Finnemarka, Drammen Setra ved Garsjø nord for Drammen er eit flott utgangspunkt for fine skogsturar (ta kontakt for booking).   

Dei fleste sjølvbetjente og ubetjente hyttene er tilgjengelege heile året, men sjekk alltid informasjon om hytta på UT.no.  

Området rundt Svukuriset er kledd i haustfargar og ventar på deg!
Området rundt Svukuriset er kledd i haustfargar og ventar på deg! Foto: Leela Michèle Guenin

Utvalde turar 

Fellesturer med andre barnefamiliar skapar som regel god dynamikk for barn som ikkje alltid vil vera med på tur. Plutseleg går dei heile vegen sjølv, finn ein kompis dei småkonkurrerar med og et mat de aldri tidlegare har likt. Du kan anten arrangera din eigen fellestur med vener eller familie, eller bli med på ein av DNT sine mange arrangerte familieturar. 

- Ein aktiv ferie er noko mange ynskjer seg. Me har aktiviteter som klatring, padling og kart - og kompass - bre - eller ferskingkurs, fellesturar med turleiar og aktivitetsleiarar for borna på fleire av dei betjente hyttene. Me har tilbud over heile landet og du kan bli med på alt frå sjørøvertokt på Gjende i Jotunheimen til surfekurs på Stadt til rolege skogsturar i nærområdet, seier Øveraas. 

Kristiansand: 

Dugnadsturane i DNT Sør har blitt veldig populære. Her får du hytteliv, tur, sosialt felleskap og den gode kjensla av at jobben du gjer vil gleda mange. 

Trondheim:

Eit variert tilbod for både barn og vaksne. Det vert utemiddag i Bekkevolldalen, «grottetur» til Gudrunhula for senioar, natt i naturen med Barnas Turlag og RETT UT-turer (arrangerte nærturar) i Trondheim og på Hitra.

Tromsø: 

Bretur med DNT ung og Barnas Turlag

Bergen: 

Søndagstur med fjordgløtttelttur for voksne til Brytningstind i Stølsheimen, friluftsliv tilrettelagt for utviklingshemmede

Gå frå hytte til hytte  

Større barn kan fint gå kortare fjellturar frå hytte til hytte. Hugs at tidsanslaga på UT.no gjeld vaksne, så du må legga på litt, og gjerne dobla timetalet når det gjeld barn.      

    Send ungdommen på tur

    Vanskelig å få med ungdommene på tur? Med andre på samme alder kan den kjedelige fjellturen bli både morsom, sosial og spennende. DNT ung har et variert tilbud til ungdom fra 13-26    

    DNT ung-fellestur i Tafjordfjella
    DNT ung-fellestur i Tafjordfjella Foto: Sindre Nikolai Aker

    Pakk fjellvettet i sekken  

    Draumen er ein haustferie med sikt på toppen, varmande sol og den skarpe, klare haustlufta. Men, ein har som vanleg ingen garanti for godt vèr og då gjeld det å førebu seg på alt. Med kortare dagar og snø på toppane fleire stader oppfordrar DNTs generalsekretær til å ta med Fjellvettreglene både før og på turen:  

      - Det er viktig at ein er ærleg med seg sjølv og at ein set seg inn i kva slags tur ein har tenkt seg ut på. Vèret skiftar fort no, og det er avgjerande at du har med utstyret, maten og kleda som trengs. Me unner alle gode naturopplevingar, og brukar ein fjellvettreglane som rettesnor vil ein få ein trygg og god tur. 

    Annonse

    Skrevet av Mari Stephansen 1. september 2018